Anskaffingar og leiaransvar
Innkjøp er ein av dei sentrale prosessane i alle offentlege verksemder. Leiinga er ansvarleg for at innkjøp av varer og tenester stør opp under måla som er sette for verksemda, og at dei skjer i samsvar med gjeldande lover og reglar. Dette ansvaret kan ikkje ein leiar delegere.
Det er også ei leiaroppgåve at verksemda har den naudsynte merkantile, tekniske og juridiske kompetansen til å gjere innkjøp som gjev god behovsdekning og er korrekte i samsvar med regelverket. Dei fleste verksemdene vil kunne byggje opp intern kompetanse for dette føremålet.
Anskaffelser.no om anskaffingar og leiarransvar
Gjennom fagportalen www.anskaffelser.no tilbyr Difi kunnskap, rettleiing og ein møtestad for nettverksbygging og kompetanseutvikling til offentlege innkjøparar, verksemdsleiarar og leverandørar.
