Etisk standard
Innkjøp inneber risiko for korrupsjon og korrupsjonsliknande framgangsmåte, også innanfor offentleg sektor. Det er ofte store beløp knytt til innkjøp i offentleg sektor, noe som aukar risikoen for denne type handling. Det viktigaste arbeidet for å sikre høy etisk standard skjer i den enkelte verksemd.
Til støtte for dette interne arbeidet er det laga "Etiske retningslinjer for statstenesta". Dei etiske retningslinjene er av overordna karakter, og er ikkje detaljerte reglar. Dei er meint å vere generelle rettesnorer som igjen krev refleksjon av kvar enkelt tilsett. Med utgangspunkt i blant anna retningslinjene kan kvar einskilt verksemd vidareutvikle og styrke den etiske bevisstheita blant tilsette og leiarar.
Gjennom fagportalen www.anskaffelser.no tilbyr Difi kunnskap, rettleiing og ein møtestad for nettverksbygging og kompetanse utvikling til offentlege innkjøparar, verksemdsleiarar og leverandørar.