Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


40 mill. kroner fordelt til IKT-prosjekter i kommunene

I samband med regjeringa si tiltakspakke vart det tildelt 60 mill. kroner til digital fornying i kommunesektoren. 20 mill. kroner vart fordelte før sommaren, og no har Difi fordelt dei resterande 40 mill. kronene.

I denne søknadsrunden har Bergen kommune fått mest i tilskot, til saman 7,3 mill. kroner til fem prosjekt. Bergen kommune legg vekt på at dei elektroniske løysingane skal kunne gjenbrukast, dvs. at også andre kommunar kan bruke dei i staden for å utvikle sine eigne. Dette kan gje ei rimelegare og meir effektiv utvikling av elektroniske tenester.

– Bergensprosjekta vil kunne bli viktige bidrag til realiseringa av fleire fellesløysingar og meir gjenbruk av IT-løysingar i kommunesektoren, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi. Fleire andre kommunar har også same tenkinga i sine prosjekt. I desember arrangerer Difi eit nettverksseminar for å stimulere til koordinering og vidare samarbeid mellom prosjekt i kommunesektoren som arbeider med dei same utfordringane.

Når det gjeld tilskotsordninga samla, viser prosjektsøknadene at kommunane har ulik ståstad og ser ulike utfordringar. Nokre prioriterer ei modernisering av nettportalane sine, andre ein betre nettdialog og søknader på nett. Difi gjev tilskot til ca. 40 slike prosjekt. Over 20 prosjekt siktar på ulike måtar inn mot innføring av avanserte elektroniske tenester. Det tyder at heile prosessen frå førespurnad via saksbehandling til svar kan skje elektronisk. – Dette bidreg til ein meir effektiv saksbehandling, raskare svar og til at det blir enklare for innbyggjarane og næringslivet å følgje sakene sine, seier Hans Christian Holte.

Ei større gruppe av prosjekta som får tilskot, gjeld helse- og omsorgssektoren. 25 prosjekt med 46 deltakande kommunar skal etablere elektronisk samhandling mellom kommunehelsetenesta, legar og sjukehus. I tillegg har 11 prosjekt i same sektor fått tilskot til ulike typar IT-system og samhandlingsløysingar. Fleire av desse vil utnytte teknologien for å kunne følgje opp pasientane og brukarane betre der dei bur og ut frå deira behov.

Difi har forvalta tilskotsordninga på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

(22.10.2009)
Share Del med andre