Beste praksis for Los i kommuneportalar
Prosjektet gjennomføres av Balestrand kommune i samarbeid med resten av kommunane i Sogn og Fjordane. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. For kontaktinformasjon se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.
Forankring
Rådmann Vidar Roseth er øvste administrative leiar i kommunen og garanterer slik forankringa i kommunen. Han er i tillegg leiar for KS Sogn og Fjordane sitt rådmannsutval og gjennom den rolla også ansvarleg for kontakt med og forankring i resten av kommunane i fylket.
Prosjektbeskrivelse
Los er eit system for deling av informasjonsressursar om offentlege tenester, med Difi som prosjekteigar. Los har eit stort potensiale som samarbeidsverktøy både mellom stat og kommune, og mellom kommunar, men bruken hittil har vist at det er eit stort behov for å komma fram til ein betre bruk av systemet. Det omsøkte prosjektet vil betra bruken av Los i kommunane ved utvikling av beste praksis-løysingar og ved utvikling av rutinar for informasjonsutveksling mellom kommunane. Det siste er viktig fordi mange kommunar har eit omfattande samarbeid mellom seg på ulike tenesteområde. Resultata av prosjektet vil til slutt vil komma innbyggjarane til gode gjennom rikare innhaldssider og ein meir heilskapleg presentasjon av informasjon knytt til offentlege tenester. Prosjektet vil ta utgangspunkt i kommunane i Sogn og Fjordane, men gjera resultat tilgjengeleg for heile landet.
Hovedmål og innretning
Prosjektet skal hjelpa kommunane til ein best muleg presentasjon av tenesteinformasjon på nettet ved å identifisera og vidareutvikla beste praksis for bruk av Los. Vidare skal prosjektet utvikla rutinar for utveksling av tenesteinformasjon mellom samarbeidande kommunar.
På denne måten støttar prosjektet målet om betre elektroniske tenester frå kommunesektoren (a) ved at informasjonen blir presentert på ein standardisert måte og får eit heilskapleg preg ved at kvalitetssikra informasjon blir delt mellom Los-brukarane. Som eit samhandlingsverktøy vil Los sikra betre elektronisk samhandling, og dette prosjektet vil spesielt løfta fram samhandlinga mellom kommunar og gjera det til ein modell for andre kommunar i landet (b).
Sjølve arbeidet med innføring av Los krev at kommunane set seg inn i ny teknologi for formidling av informasjon via nettet, og gjennom arbeidet i dette prosjektet vil kunnskapen knytt til bruk av ny teknologi bli ytterlegare styrka (c). Los er også eit første steg på vegen mot betre elektronisk samhandling og opererer på den tekniske og semantiske delen av denne. Ved å utvida Los til også å bli eit viktig verktøy til støtte for tenestesamarbeid mellom kommunar, grip ein også inn i den organisatoriske delen av samhandlingsutfordringane.
Utvikling og implementering
Utviklingsarbeidet skjer i realiseringa av dei to delmåla:
1) Beste praksis for Los i kommuneportalar
Arbeidet vil ta utgangspunkt i kommunane i fylket som er på ulikt stadium i bruken av Los. Los er eit generelt verktøy og det har vist seg at det er mange måtar å presentera Los-relatert informasjon. Ikkje alle er like gode, og det er viktig å få fram tilrådingar for beste praksis. Enkelte kommunar har avvist Los på bakgrunn av uklar presentasjon. Eit nært samarbeid med leverandørar av portalløysingar for kommunesektoren blir nødvendig for å få eit best muleg resultat. Leverandørane har så langt vist stor interesse for Los.
2) Los som verktøy for kommunesamarbeid
Det andre delmålet vil utvikla rutinar for deling av informasjon mellom kommunane. Dette er enno ikkje ein del av Difi sin Los, men systemet er lagt opp til at det er muleg som påbygging. Eit slikt tillegg vil vera svært nyttig for alle kommunar som deltek i eit samarbeid med andre kommunar, og det gjeld dei fleste.
Resultata av begge delmåla vil bli gjort tilgjengeleg for alle andre kommunar gjennom deling av prototypar utvikla i prosjektet og som tilleggsfunksjonalitet i Los-systemet.
Ansvarlig tilskuddsmottaker
Balestrand kommune
Rådhuset
6899 Balestrand
Kontaktperson hos ansvarlig tilskuddsmottaker
Vidar Roseth, Rådmann i Balestrand kommune og leiar av KS Sogn og Fj. rådmannsutval
Tlf: 57651200
Epost: vidar.roseth@balestrand.kommune.no
Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter

(22.06.2009)