Betre dataflyt og arbeidsprosesser i plan- og byggesaksarbeidet ved systemintegrasjon
Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Nissedal kommune og 5 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Nissedal kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.
Forankring
Prosjektet er nytt men bygger på eit etablert samarbeid mellom dei 6 kommunane. Prosjektet er forankra på følgjande måte:
1. Rådmannsutvalet for dei 6 kommunane har godkjend arbeidet/prosjektet og gitt prioritet til dette arbeidet for eigne tilsette.
2. Ordførarkollegiet i dei 6 kommunane har sikra grunnfinansiering gjennom å prioritere bruk av felles midlar som del av eigenfinansieringa.
3. Fagansvarleg i kvar kommune er styringsgruppe for prosjektet og fungerer som koordinator for gjennomføringa i kvar kommune.
Prosjektbeskrivelse
Kommunane i Vest-Telemark har gjort betydelege investeringer i infrastruktur og programvare for å kunne hente ut gevinster innan området Byggesak og Plan. Stor hyttebygging gjer dette til et krevjande saksfelt for kommunane. I eit forprosjekt er det gjennomført ein GAP-analyse (forskjell mellom ønska og faktisk situasjon) som avdekker at det er betydelege utfordringer både når det gjeld dataflyt mellom datasystem og spesielle forhold knytt til arbeidssituasjonen i mindre kommunar med ulike økonomiske rammevilkår. I hovudprosjektet vil det bli iverksett tiltak for å forbedre dagens situasjon. Det er sett på som viktig for mindre kommuner å kunne utnytte resultata frå det samla nasjonale løft som nå blir gjort på nasjonalt nivå (jfr GeoIntegrasjonsprosjektet og prosjekt E-bygg). Hovudfokus i prosjektet er å implementere desse resultata i våre kommunar og i eit regionalt samarbeid.
Hovedmål og innretning
Hovudfokus i våre kommunar er korleis mindre kommunar kan utnytte IT og forbetra arbeidsrutinar til å realisere betre tenester mot innbyggjarane. Overgang frå personleg service til elektroniske tenester skaper etter vårt syn spesielle utfordringar i mindre kommunar. Dette krev omstilling både hos den enkelte sakshandsamar og innbyggjarane. Det må gjerast eit betydeleg løft både med kompetanseheving og utvikling av forbetra arbeidsprosessar. Politisk og administrativ leiing i kommunane er svært opptatt av at dei investeringane som alt er gjort, skal gi synlege resultat når det gjeld kommunen si samhandling med innbyggjarar og næringsliv. Ved å utnytte resultata kommunane har fått gjennom PB 2010 (i Telemark) og resultat frå det nasjonale løftet som nå blir gjort, meiner vi at det er realistisk å nå måla vi har sett. Dette krev at vi får tilgang på nødvendig kompetanse til å bistå oss i prosessen og at vi kan gjere eit samla kompetanseløft på dette området for alle nøkkelpersonar.
Vi er og opptatt av å få utvikla tilpassa arbeidsprosessar slik at vi kan forenkle samhandlinga med Fylkeskommunen, Fylkesmannen, SSB og andre statlige etatar. Realisering av desse måla vil såleis være eit viktig fundament for å oppnå betre samhandling med både innbyggjarar, næringsliv og ulike offentlege instansar.
Utvikling og implementering
Vi vil i dette prosjektet bygge på nasjonale løysingar som blir laga. Våre to leverandørar av IT-løysinger på dette området er sentrale i GeoIntegrasjonsprosjektet og har i Prosjekt PB-2010 klart signalisert at dei også vil lage gode løysingar for mindre kommunar. Vi vil bygge vidare på ei utgreiing som alt er gjort i eit forprosjekt, og som foreslår konkrete tiltak for å nå våre mål innafor nåverande rammetilhøve. Kommunane har også alt lagt ned betydelege ressursar i å legge til rette all gjeldande regulering på digital form, noko som er ein føresetnad for elektronisk plan- og byggesakshandsaming. Det vil bli bygd opp eit digitalt forvaltningssystem oppå dette. Vi ønskjer i dette prosjektet å samarbeide nært med våre systemleverandørar for å påverke at IT-løysingane som nå blir utvikla basert på nye standardar, tar høgde for dei rammevilkåra som mindre kommunar har. Vi vil parallelt med dette forbetre arbeidsprosessane med sikte på å lage robuste løysingar som ikkje er så sårbare som dei IT-løysingane vi har i dag. Vi ønskjer såleis å etablere løysingar som er så standardiserte at dei kan tas i bruk av alle mindre kommunar. Dette vil redusere dagens sårbarhet som blir spesielt synleg ved personellskifte. Utviklinga vil i stor grad engasjere eige personale. Tilskottet vil sette oss i stand til å kjøpe inn tenester for å frigjere til utviklingsarbeid.
Ansvarlig tilskuddsmottaker
Nissedal kommune
3855 Treungen
Kontaktperson
Sveinung Seljås, Plansjef
Tlf: 35048430
Epost: sveinung.seljas@nissedal.kommune.no
Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Nissedal kommune
Fyresdal kommune
Kviteseid kommune
Seljord kommune
Tokke kommune
Vinje kommune

(15.10.2009)