Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dokumenter


Kontakt


Betre kommunikasjon kan gje Noreg fleire kvalifiserte arbeidsinnvandrarar - Difi-rapport 2008:11

Noreg må bli betre kjent om landet skal tiltrekkje seg høgt kvalifiserte arbeidstakarar frå utlandet. Informasjon om arbeid og levekår må bli meir oversiktleg og tilgjengeleg, og norske verksemder må bli flinkare til å rekruttere frå universitet og jobbmesser i andre land. Dette er nokre hovudkonklusjonar i ein rapport som Difi har laga på oppdrag frå UDI.  

Konkurranse om dei kloke hovuda

I rapporten "Utenlandsk arbeidskraft i sikte? Hvordan kommunikasjon kan brukes for å rekruttere flere kloke hoder til Norge", har Difi kartlagt informasjonsbehovet og kva informasjonskanalar potensielle arbeidsinnvandrarar vel før dei kjem til Noreg. Undersøkinga vart gjort i India, Russland, Romania og Tyskland.  

Noreg treng å importere høgt kvalifisert arbeidskraft, særleg ingeniørar, IT-ekspertar og helsepersonell. Men det er konkurranse om dei kloke hovuda. Undersøkinga viser at Noreg er dårleg kjent og lite profilert som arbeidsmarknad. Internett er den viktigaste kanalen for å søkje etter arbeid, men det er vanskeleg å finne informasjon om å skaffe seg arbeid i Noreg, både på nettet og gjennom andre kanalar.  

Potensial for fleire fagspesialistar til Noreg

Norske verksemder er fråverande ved utanlandske universitet, der andre land er aktive i å kapre dei beste studentane, og dei deltek i liten grad ved internasjonale jobbmesser.  

Det er ikkje noko negativt ved Noreg som land, og Noreg har eit potensial for å få fleire fagspesialistar. I tillegg til høge lønner og gode levekår, regulerte arbeidsforhold og fagleg utvikling, sosial- og personleg  tryggleik,  er tilgangen til natur og friluftsliv viktig for å trekkje og motivere utanlandske arbeidssøkjarar.  

Marknadsføring av Noreg som arbeidsmarknad

Difi meiner det er behov for ein samla og kraftfull innsats frå mange aktørar for å marknadsføre Noreg. Satsinga må forankrast i ein nasjonal rekrutteringsstrategi, som regjeringa og partane i arbeidslivet står bak.  

UDI må samarbeide med andre verksemder for å sikre ein samla presentasjon på nettet av arbeidsrelatert informasjon retta mot arbeidsinnvandrarar. Utenriksstasjonane bør bli styrkja for å kunne bidra meir aktivt i marknadsføringa av Noreg som arbeidsmarknad. Difi føreslår også at ansvaret til NAV EURES blir utvida til også å omfatte arbeidsinnvandring frå land utanfor EU/ EØS.  

Rapporten peikar også på at dei internasjonale studentane i Noreg er ein uutnytta ressurs i den norske arbeidsmarknaden. Difi oppmodar styresmaktene å vurdere innføring av gratis/ subsidiert norskopplæring for ettertrakta arbeidskraft.

(16.01.2009)
Share Del med andre