Elektroniske verktøy i den kommunale sjukepleien
Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Seljord kommune og 5 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Seljord kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.
Forankring
Prosjektet er ledd i eit lengre løp med ulike tiltak og blir gjennomført i eit tett samarbeid mellom dei 6 kommunane. Prosjektet er forankra på følgjande måte:
1. Rådmannsutvalet for dei 6 kommunane har godkjend arbeidet/prosjektet og gitt prioritet til dette arbeidet for eigne tilsette.
2. Ordførarkollegiet i dei 6 kommunane har sikra grunnfinansiering gjennom å prioritere bruk av felles midlar som del av eigenfinansieringa.
3. Fagansvarleg i kvar kommune er styringsgruppe for prosjektet og fungerer som koordinator for gjennomføringa i kvar kommune.
Løpande forankring skjer gjennom rapportering/tilbakemelding til rådmannsutvalet.
Prosjektbeskrivelse
Prosjektet inneheld i hovedsak 2 tiltak knytta til pleie-/omsorgstenester i kommunane. Tiltaket nr 1 gjeld standardisering og kvalitetsheving innan pleie/omsorg gjennom innføring av standard prosedyreverk (PPS frå Akribe AS).
Tiltak nr 2 gjeld utvida bruk av administrativ programvare (Profil frå Visma) gjennom å ta i bruk PDA for dokumentasjon, tovegs-kommunikasjon med pasientdatabasen og mulighet for direkte dialog med lege/sjukehus (bruk av bilete/video saman med mulighet for gjensidig vurdering og drøfting).
I første fase (dette prosjektet) er heimesjukepleien prioritert. Store geografiske område og ofte lang reiseveg for tilsette vil gi auka fleksibilitet, sikrare tenester og meir tid til pasientane.
Hovedmål og innretning
a. Gjennom ibruktaking av standard prosedyreverk for pleie (elektronisk vedlikehalde og tilgjengeleg) og elektroniske verktøy (PDA med direkte tilgang til oppdaterte pasientdata) og med mulighet for videokonferanse, billedoverføring og anna, vil innbyggjarane (pasientane) få mulighet for sikrare helsetenester raskare og med mindre transport.
b. Teknologien vil samla gje direkte kommunikasjon mellom sjukepleie (heimesjukepleie), almenlege i kommunen og spesielisthelsetenesten (sjukehus). Pasientdata blir oppdatert direkte og tilgjengeliggjort.
c. Gjennom grunnopplæring og deretter aktiv bruk av ny teknologi (teknisk utstyr og programvare) vil kompetansen auke raskt hos dei involverte. Etter første fase er det grunnlag for å spre metodar/teknologi til fleire innan samme sektor og til fleire bruksområde.
Utvikling og implementering
I utgangspunktet er prosjektet fokusert på implementering av nye elektroniske løysinger som gir auka muligheter for samhandling på tvers av ansvarsområder innen samme sektor - helsetenester. Det som skal tas i bruk er standardløysinger og standard teknologi.
Internt i organisasjonane, og til dels mellom ulike nivå i helsetenesta, må det utviklast konkrete løysinger og avtaler/prosedyrer. Prosjektet vil derfor få gradvis effekt etter som praksis i forhold til ulike problemstillinger blir utvikla og avklart.
Gjennom at denne utviklinga skjer lokalt - men i eit samarbeid - får ein godt tilpassa løysinger samtidig som denne tilnærminga gir ein god lærings- og spredningeffekt.
Ansvarlig tilskuddsmottaker
Seljord kommune
Brøløsvegen 13 A
3840 Seljord
Kontaktperson
Børge Skårdal, Prosjektleiar
Tlf: 97037989
Epost: bs@vest-telemark.no
Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Seljord kommune
Fyresdal kommune
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
Tokke kommune
Vinje kommune