Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Felles kartforvalting i Setesdal

Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Bykle kommune og 3 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Bykle kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.

Forankring
Setesdal Regionråd er eit interkommunalt samarbeid (§27) mellom Bykle, Valle, Bygland og Evje Hornnes kommune. Ordførarar og varaordførarar i kommunane - samt rådmenn, fylkesordførar og fylkesrådmannen som observatørar til styret har forankra intiativ til forprosjekt og hovudprosjket for å formalisere og utvikle vidare IKT-samarbeid for Setesdal i 2009.
Kommunane har alt etablert felles sakshandsamingssystem (Eporthe), plattform for ymse fagrelaterte program - som økonomi (Agresso), kommunale avgifter (Komtek) - kart (GISLine/ Norkart) osv
Bykle kommune har teke initiativ til prosjektsøknaden og vil få dei andre kommunane med gjennom at det blir løyvd midlar på budsjettet for kommunane i 2009.

Prosjektbeskrivelse
Administrativt i kommunane i Setesdal ser ein trong til å etablere og drifte eit felles system for kartforvalting som vil kome alle brukarar til gode. Det skal etableres felles forvalting av alle kartdata i kommunane. Dette skal danne grunnlag for ei betre utveksling av geografisk informasjon mellom kommunen og alle aktører innan kartforvalting og produksjon.
Prosjektet skal lette samhandlinga og arbeidet mellom kommunane og IKS-verksemdene når det gjeld utveksling og oppdatering av stadfesta opplysningar.
Det skal etablerast ein QMS-server kor alle kartdata til Setesdalskommunane ligg lagra. Kartdata blir gjort tilgjengeleg for kommunane, Kartverket og alle partar i Norgedigitalt frå denne serveren.

Hovedmål og innretning
Prosjektet sitt hovudmål er å få ei betre forvalting av kartdata i Setesdal. Kommunane samarbeider mykje i dag og ein ser eit stort effektiviseringspotensiale i å samle kartdata på ein server der ein har felles rutinar for oppdatering og vedlikehald av kartdata. Ein felles kartforvaltingsserver vil gjere til at det blir enklare å bruke kartdata på tvers av kommunegrensene i alle IKS som Setesdalskommunane har etablert.
Ein QMS-kartserver vil og gjere til at ein får kartdata med mykje betre kvalitet enn ein har i dag. QMS kvalitetssikrar og dokumenterar kartdata som blir lagt inn, slik at dei heile tida er i tråd med ein kvar tid gjeldande standard.
Med QMS-server vil ein og gjere kartdata tilgjengeleg for alle partar i Norgedigitalt-systemet på ein framifrå måte. Det vil alltid vere tilgjengelege oppdatera kartdata for alle partar i Norgedigitalt samla på ein stad. Dette gjer til at det blir eit mykje betre samhandling mellom kommunane, Fylkesmann, Fylkeskommune og Statens Kartverk. Kartdata blir tilgjengelege heile tida for alle partar, og ein har ein original kartdatabase som alle har tilgang til.

Utvikling og implementering
Dette prosjektet er i stor grad med på utvikling av samhandling mellom alle forvaltingsorgan i Noreg. Med ein QMS-kartserver vil ein vere med på å utvikle systemet for utveksling og lagring av kartdata. Dette er eit prosjekt som Kartverket stør fordi det er i tråd med deira politikk for kartforvalting for framtida. Dei ønskjer at ein skal ha kartdata lagra hos dei som har ansvaret for originalkartdatabasen, og at dei blir gjort tilgjengelege for alle som har rett på dei direkte frå originalbasen. På den måten vil alle ha tilgong på dei data dei treng heile tida, og ein er trygg på at det er siste versjon.
QMS er sterkt regelstyrt system som er basert på SOSI-standarden. Det vil vere ein god måte å kvalitetssikre kartdata og bruke QMS. Der vil ein ikkje kunne legge inn data som er feil koda. På den måten vil ein heile tida ha rett koda data som vil passe i alle kartforvaltingssytem som er på marknaden i dag.

Ansvarlig tilskuddsmottaker
Bykle kommune
Rådhuset
4754 Bykle

Kontaktperson
Knut Erik Paulsen, GIS-ansvarleg Bykle kommune
Tlf: 37938544
Epost: kep@bykle.kommune.no

Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Bykle kommune
Bygland kommune
Evje og Hornnes kommune
Valle kommune

(16.10.2009)
Share Del med andre