Grunngjeving for Klarspråksprisen 2009
Dette første året som Klarspråksprisen skal delast ut, kom det inn fleire verdige kandidatar. Det var fem nominerte: Statens forureiningstilsyn, Utlendingsdirektoratet, Datatilsynet, Lånekassen og Statens pensjonskasse.
Kandidatane arbeider innanfor svært ulike område og har ulike utfordringar og målgrupper. Materialet dei har sendt inn, viser at det ikkje berre finst éin måte å arbeide med klarspråk på, men mange ulike. Fleire av kandidatane har jobba lenge og systematisk med klarspråk, medan andre er i startfasen og har presentert gode, planlagde framtidsprosjekt. Juryen hadde lange og intensive diskusjonar før han til slutt klarte å semjast om ein prisvinnar.
Juryen håpar at denne prisen kan inspirere og stimulere fleire statsorgan til å satse på klarspråksarbeid og vere med å tevle om prisen til neste år.
Så til vinnaren:
Prisen går til eit statsorgan som arbeider innanfor eit felt med mykje vanskeleg juridisk og økonomisk terminologi. Det møter store utfordringar i å gjere tunge formuleringar om til godt og klart språk og i å synleggjere kva rettar og plikter brukarane har. Statsorganet har heilt sidan år 2000 arbeidd breitt og systematisk med å betre språket i alt frå brev, brosjyrar og skjema til nettkommunikasjon - på både bokmål og nynorsk.
Vinnaren har gjort ein ekstraordinær innsats og lagt ned eit omfattande arbeid i brukarundersøkingar. Juryen er spesielt imponert over måten dei har involvert ulike brukargrupper i klarspråksarbeidet på. Takka vere dette arbeidet kan statsorganet dokumentere konkrete resultat og betre forståing i brukargruppa.
Juryen meiner det er eit ekstra pluss med det såkalla «moderniseringsprosjektet» i statsorganet der det har innarbeidd klarspråksperspektivet også i nettenestene.
Prisvinnaren er eit statsorgan svært mange nordmenn har eit forhold til. Vinnaren har over 800 000 brukarar i alle aldersgrupper. Statsorganet arbeider med noko vi alle er avhengige av, nemleg å skaffe pengar til mat på bordet, tak over hovudet, men framfor alt å skaffe oss ei skikkeleg utdanning.
Klarspråksprisen for 2009 går til Lånekassen!
![]() |
| Heidi Grande Røys med vinner av Klarspråksprisen 2009 |
