Innføring av FEIDE i grunnskulane i Voss, Granvin og Kvam kommune/herad
Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Voss kommune og 2 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Voss kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.
Forankring
Voss kommune: Søknad v/rådmannen
Deltakande kommunar: Eigen prosjektkontrakt vil utformast før oppstart med tilslutning frå aktuelle rådmenn. Kvar kommune har oppretta eiga prosjektgruppe som skal jobbe med prosjektet i den enkelte kommune.
Prosjektbeskrivelse
Voss, Granvin og Kvam kommunar ynskjer å innføra sikker identifisering av personar som skal ha tilgang til digitale tenester for elevar og tilsette i skulane i tråd med pålegg frå Kunnskapsdepartementet.
. Brukarane skal få tilgang til alle relevante pedagogiske ressursar gjennom ei pålogging (single sign-on).
. Brukarane får tildelt brukarnamn og passord som kan brukast over alt i utdanningssektoren: ved eigen skule og ved lokale, nasjonale og kommersielle fellestenester.
Hovedmål og innretning
a) Ekommune 2012 tilrår FEIDE-etablering for alle kommunar innan 2010. Prosjektet vil etablere dette for tre kommunar med 2990 elevar i 24 skular innan august 2010.
b) Feide gir betre samordna tilgang til mange ulike nettenester frå alle typar verksemder, publikasjonar, opplæringsinstitusjonar, NRK, kommune, fylke og stat.
c) Felles elevident er ein nøkkel til vidare utvikling i innhaldssamarbeid.
Utvikling og implementering
Prosjektet utviklar rutinar og systematisk datafanst av info om elevar og pedagogiske tilsette i kommunane. Kommunane har eit samarbeid på drift av elev-pc-ar, og ein vil med prosjektet implementere felles brukarkatalog med kopling mot Feide-autorisering. Det vil igjen medføre auka tilgang til tenestar frå ulike nett-tilbydarar av pedagogisk art. Dette gjer det mogeleg å samarbeida om opplæring av tenestene.
Løysinga skal implementerast slik at det enkelt kan innførast Feide-ident for resten av dei kommunetilsette.
Ansvarlig tilskuddsmottaker
Voss kommune
Boks 145
5701 Voss
Kontaktperson
Kjersti Aasbrein, IT-leiar
Tlf: 56519426/95262032
Epost: kjersti.aasbrein@voss.kommune.no
Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Voss kommune
Granvin herad kommune
Kvam herad kommune