Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Innføring av Feide i grunnskulen i BLLS-kommunane

Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Sogndal kommune og 3 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Sogndal kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.

Forankring
Prosjektet inngår som ein del av samordna plan for innføring av FEIDE for grunnskulane i Sogn og Fjordane, koordinert av it-forum skulenettverk og UninettABC sin Feide-node i Sogn og Fjordane. Kommunane i BLLS-samarbeidet (Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal) har utarbeida ein felles IKT strategi 2005-2009, der innføring av Feide inngår som eit høgt prioritert utviklingsprosjekt. Ei prosjektgruppe vart etablert i 2007 og mandat vart utarbeida. Det er også inngått intensjonsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune som Feide-node, og det pågår no kontraktsforhandlingar med fylkeskommunen om levering av Feide-løysing.

Prosjektbeskrivelse
Prosjektet rettar seg mot alle brukarar av digitale tenester i grunnskulane; administrasjon, pedagogisk personale og andre tilsette, elevar og foreldre. Prosjektet går ut på samordna etablering og implementering av Feide i BLLS-kommunane, i tråd med vår regionale ikt strategi. Hovudaktivitetane omfattar utarbeiding av retningslinjer og rutinar for identitetsforvaltning, oppdatering av IKT-reglement i tråd med nye retningslinjer, samordne og effektivisere drifta i skulane, etablere enklare og sikrare styring og tilgangar til læringsressursar som grunnlag for meir effektiv kunnskapstileigning og læring, oppnå feidegodkjenning. gjennomføre opplæring av brukarar, implementering i heile organisasjonen, samt gjennomføre informasjonstiltak ihht kommunikasjonsplanen.

Hovedmål og innretning
- BLLS-kommunane vil med innføring av Feide oppfylle lovfesta krav for tilgang på persondata og generelt kunne presentere betre datakvalitet
- Gjennom Feide vil ein stadig få tilgang til nye tenester frå både offentlege og private (kommersielle) tilbydarar som har Feidegodkjenning
- Enklare tilgang gjennom eitt brukarnamn og eitt passord
- Skuleeigar får oversikt over sine eigne brukarar og avgjer sjølv kva digitale tenester som skal vere tilgjengelege for brukarane.
- Med felles drift via fylkeskommunen vil BLLS kommunane ha tilgang til eit større fagmiljø og eit meir solid (mindre sårbart) driftsmiljø.
- Brukarane vil få enklare og meir brukarvenleg system. Feide gjev løysingar for enklare og sikrare måtar for tilgang på digitale læringsressursar. Tilgangar kan administrerast/styrast med enkle reiskap og på denne måten effektivisere arbeidet både for dei som administrer systema og brukarane av dei.
- Feide vil gje skuleeigarane (kommunane) lågare drifts og administrasjonskostnader og lågare terskel for å innføre nye tenester i skulane.

Utvikling og implementering
Innføring av Feide er 20% teknologi og 80% organisasjonsutvikling. Teknisk  utviklingsarbeid skjer gjennom leverandør som tilpassar eksisterande løysingar og utviklar nye modular der det manglar del-løysingar i dag. Implementering av Feide omfattar store organisatoriske løft i form av gjennomgang, revidering og samordning av rutinar og reglement på tvers av skulane og kommunane. Vasking og kvalitetssikring av grunnlagsdata er ein føresetnad for vellukka innføring av Feide-løysinga. Ein gjennomgåande prosjektaktivitet er kommunisering av bakgrunn, føremål, framgangsmåte og forventa resultat frå prosjektet til dei ulike ansvarsnivåa i grunnskulen. Når Feide-løysinga er på plass og godkjent, skal skuleeigar såleis vere i stand til å avgjere sjølv kva digitale tenester som skal vere tilgjengelege for brukarane.

Ansvarlig tilskuddsmottaker
Sogndal kommune
Postboks 153
6856 Sogndal

Kontaktperson hos ansvarlig tilskuddsmottaker
Åshild Helleset, Regional IKT medarbeidar for BLLS
Tlf: 57 62 96 00
Epost: aashild.helleset@sogndal.kommune.no

Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Sogndal kommune
Balestrand kommune
Leikanger kommune
Luster kommune
(21.06.2009)
Share Del med andre