Innføring av sjølvbeteningsløysingar for SYS-kommunane
Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Førde kommune og 7 andre kommuner. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Førde kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.
Forankring
Det er etablert IKT-samarbeid mellom 8 kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar). Både prosjektsamarbeid og drift på IKT.
Prosjekt med "Utvikling av elektroniske tenester i kommuneforvaltninga" har pågått som eit utviklingsprosjekt frå 2007. Nye nettportalar til alle kommunane er lansert.
Delprosjekt frå 18. septemeber og fram til 31. desember 2009 (truleg lenger) - innføring av nytt søknadssenter som ein integrert del av portalen.
SYS-samarbeidet er forankra i øverste administrative leiing i kommunane. Standard fordelingsnøkkel for kostnadar. 50% likt fordelt, 50% etter folketal.
Prosjektbeskrivelse
Dette er eit delprosjekt av eit større prosjekt.
"Utvikling av elektroniske tenester i kommuneforvaltninga" er hovudprosjektet som har pågått sidan 2007. Hovudmålet i prosjektet har vore:
- Effektivisere og utvikle den kommunale verksemda
- Forenkle dialog og offentleg innsyn
- Tilby nettbaserte tenester som ein integrert del av det totalte tenestetilbodet
Delprosjekt fram til no:
- Nytt sak/arkiv system (Acos Websak)
- Utvikling av informasjonsarkitektur og grafisk design
- Utvikling og implementering av Web-portal (Acos Webløysing)
Alle dei 8 kommunane har tatt i bruk Acos Websak og portalløysing.
Siste del av prosjektet har oppstart med informasjonsmøte m/Acos 18. september 2009.
Alle SYS-kommunane skal i gong med følgjande produkt:
Innføring av Acos søknadssenter og skjemamottak
Acos digitale skjema m/minID og oppkobling mot minside.no
Acos skjemaredigeringsmodul. Acos søknadssenter skal settast opp i hovudoprtalen som ein del av portalrammeverket. Det betyr at element frå Acos Søknadssenter skal inn i hovudportalen og settast opp iht. SYS sin informasjonsarkitektur og vere i tråd med SYS sin målsetting med hovudportalen. Målsetting for prosjektet - SYS skal vere blant dei fremste kommunane i Norge på sjølvbetening på nett.
Hovedmål og innretning
a) Dei elektroniske tenestene vil vere meir integrert som ein del av portalen - skjema vil vere direkte knytt til tenestene og ikkje slik som i dag at du først må inn i eit søknadssenter, deretter finne det skjema du skal fylle ut m.m. Integrasjon mot minID og oppkobling mot minside.no vil òg vere enklare.
b) Vi har allereie lært mykje av kvarandre i det etablerte kommunesamarbeidet og delprosjektet er ei vidareføring av dette. Sikre meir lik framstilling ovanfor publikum.
c) Sogn og Fjordane har mange små kommunar og vi ser at det er vanskeleg å vere i framkant når det gjeld fornying basert på digitale tenester. Store bykommunar har eit større fagmiljø og vil lettare kunne drive desse prosessane.
Det er difor viktig at etablerte kommunesamarbeid som SYS-samarbeidet vert oppmuntra til å gå vidare med arbeidet med fornying basert på digitale tenester.
Utvikling og implementering
Gjennom heile prosjektperioden (hovudprosjektet) har det skjedd utviklingsarbeid gjennom den erfaringsutveksling vi har hatt mellom kommunane, kontakten vi har hatt mot Vestlandsforsking, Norge.no og leverandør.
Viser elles til pkt. 6.
Ansvarlig tilskuddsmottaker
Førde kommune
p.b. 338
6802 Førde
Kontaktperson
Marit Kleiven, Prosjektleiar
Tlf: 57 72 58 09
Epost: marit.kleiven@forde.kommune.no
Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Førde kommune
Askvoll kommune
Fjaler kommune
Gaular kommune
Hyllestad kommune
Jølster kommune
Naustdal kommune
Solund kommune