Institusjonsbygging på Vest-Balkan - Difi-rapport 2009:6
Institusjonsbygging og støtte til forvaltningsreformer vil stå sentralt i norsk Vest-Balkan-politikk i åra framover. Utanriksdepartementet (UD) har bede Difi om å identifisere særskilde problemområde som kan bli tema for det norske prosjektsamarbeidet på Vest-Balkan.
Prosjektet til Difi vart starta opp i november 2008 og avslutta i august 2009. Det omfatta tre av dei landa UD prioriter å støtte; Bosnia og Hercegovina, Makedonia og Serbia.
Studien er basert på ein gjennomgang av tilgjengeleg litteratur om erfaringar med institusjonsbygging i Aust- og Søraust-Europa. I tillegg har vi gjennomgått relevante dokument og gjennomført intervju i OECD/SIGMA i Paris og med både internasjonale aktørar og representantar for sentrale styresmakter i kvart av dei tre landa.
For kvart av dei tre landa har vi kartlagt
- sentrale planar og utfordringar når det gjeld institusjonsbygging
- planar for internasjonal støtte ved sida av den norske
- norske erfaringar med satsing og samarbeid så langt
- identifikasjon av mogelege område for norsk satsing i eit treårsperspektiv
Den generelle analysen og Difi sine anbefalingar om norsk satsing på institusjonsbygging er inkludert i hovudrapporten frå prosjektet. Dei detaljerte prosjektideane for kvart av dei tre landa er omtalte i eit separat vedlegg i rapporten.