Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

iSkjåk (arbeidstittel)

Prosjektet gjennomføres av Skjåk kommune. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. For kontaktinformasjon se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.

Forankring
Delprosjektet iSkjåk er ein del av Skjåkprosjektet som er forankret i Skjåk kommune, Høgskulen i Lillehammer, Oppland fylkeskommune, Jotunheimen reiselivslag og Skjåk Almenning.  Alle nemnte institusjonar deltek i styringsgruppa.
Prosjekteigarar: Skjåk almenning og Skjåk kommune. Grunnlag er vedtak i kommunestyre og almenningsstyre.

Prosjektbeskrivelse
iSkjåk er eit delprosjekt under Skjåkprosjektet. Bakgrunnen er oppretting av Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar i Skjåk. Skjåkprosjektet skal skape natur og kulturbasert sysselsetjing, vekst i næringslivet lokalt og bygdeutvikling på grunnlag av berekraftig bruk og vern av naturressursar og miljø, i samarbeid med FOU-miljø ved Høgskulen i Lillehammer, Oppland fylkeskommune, Jotunheimen reiselivslag og Skjåk Almenning.  iSkjåk skal ta seg av formidling av stigar, fiske, sykkelruter, vatn som kultur, kulturminner og natur- og kulturgeografiske tilhøve, turisme, lokalt næringsliv, gjennom å byggje ein nettstad med database. Dette er utforma på ein noko original måte, der heile nettstaden er eit interaktivt kart -Google Maps- med nettsider lagt oppå. iSkjåk vil bli representert på norsk og engelsk. Vi har også planar om å lage trådlause nettverk på strategiske plassar etter modell av Trådlause Trondheim.

Hovedmål og innretning
a) Nyttig verktøy for informasjon om natur-og kulturverdiar i Skjåk, Reinheimen og Breheimen for innbyggjarar og tilreisande. Nyttig verktøy for reiselivet og aktivitetsbedrifter.
b) Ei samla database med publisering av geografisk-, tekst-og multimediainformasjon om natur-og kuturverdiar. Dette styrker lokal utvikling og drift av nasjonalparkar i samarbeid med fylkeskommune og staten.
c) Kompetanseheving om natur-og kuturverdiar i kommune og fylkeskommune. Lokal kulturminneinformasjon og anna naturinformasjon, er sterkt etterspurt i fylkeskommune og staten.

Utvikling og implementering
Vi kombinerer kjent informasjon om natur-og kulturverdiar med webteknologi. Vi vil bruke geografiske modeller frå Google Maps og kjent internetteknologi. Den elektoniske tenesten vil gje samarbeidspartene og staten ein nytteverdi. Tenesten blir implementert hjå alle samarbeidspartnere, innbyggjare og tilreisande. Skjåkprosjektet  som hovudprosjekt, vil nytte iSkjåk som sin publiseringsløysing.

Ansvarlig tilskuddsmottaker
Skjåk kommune
Kommunehuset i Bismo
2690 Skjåk

Kontaktperson
Morten Kielland, IT-konsulent
Tlf: 61217003
Epost: Morten.kielland@skjaak.kommune.no

Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Skjåk kommune

(16.10.2009)
Share Del med andre