Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lånekassen får Klarspråksprisen for 2009

Lånekassen vart i dag tildelt Statens klarspråkspris for 2009. Prisen er ei påskjøning for arbeidet med godt og klart språk i statsforvaltninga, og vart delt ut av fornyingsminister Heidi Grande Røys.      

Brukarinvolvering gjev betre språk

- Lånekassen har gjort ein ekstraordinær innsats å betre språket i alt frå brev, brosjyrar og skjema til nettkommunikasjon. Vi er spesielt imponert over måten Lånekassen har involvert brukarane sine i klarspråksarbeidet på, seier juryleiar Kjell Lars Berge.

Klarspråkprisen - Grande Røys med prisvinnerne
Heidi Grande Røys delte ut Klarspråksprisen 2009 til direktør i Lånekassen, Bertil Tiusanen og leder for kundeinformasjonsavdelingen i Lånekassen, Solbjørg Sørensen. Foto Språkrådet.  

Prisen inngår i prosjektet Klart språk i staten, som er eit samarbeid mellom Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Det er første gongen prisen vert delt ut. .

Glasskulptur symboliserer klar og god kommunikasjon

Klarspråksprisen 2009 SkulpturPrisvinnaren får ein glasskulptur som symboliserer klar og god kommuikasjon. Skulpturen er utforma av Maud Gjeruldsen Bugge, designsjef ved Hadeland Glassverk.

I juryen for Klarspråksprisen sit Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo (juryleiar); Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Noreg;  Ola Breivega, filolog og språkkonsulent; og Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør i Det Norske Samlaget og forfattar.

I prosjektet Klart språk i staten tilbyr Språkrådet og Difi òg ei verktøykasse med språkråd på nett, informasjon om språkprosjekt hos statsorgan, støtte til språkprosjekt, gratis kurs, malar og språkquiz. Les meir på www.klarsprak.no.

Les grunngjevinga frå juryen

(20.08.2009)
Share Del med andre