Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Metode FGTF, Ferske Geodata Til Frukost

Prosjektet gjennomføres i et samarbeid mellom Meland kommune, 8 andre kommuner og Statens kartverk. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. Meland kommune er ansvarlig tilskuddsmottaker. For kontaktinformasjon og deltakeroversikt se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.

Forankring
Tiltaket er programfest i samordna kommunedelplanar etter plan- og bygningslova for verksemdsområdet geodata i alle dei 9 kommunane (kommunane si integrering i Noreg digitalt). Kommunedelplanane er vedtekne av kommunestyra etter prosedyrar som gjeld for handsaming av kommunedelplanar.

I tillegg er tiltaket vedteke som pilotprosjekt i Noreg digitalt av Geodatautvalet i Hordaland fylke.

Prosjektbeskrivelse
Prosjektet består av 4 fasar. Her søkes om tilskott til dei tre fyrste fasane.
Fase 1. Utarbeide metoden "FGTF" ( ferske geodata til frukost ) i samarbeid med SK Bergen, på oppdrag frå Nordhordland digitalt og Fylkesgeodatautvalget i Hordaland. Metoden skal beskrive korleis eit samarbeid kan utveksle kvalitetssikra og dagferske geodata mellom kommunar, SK, og andre geovekstpartar. Metoden kan beskrivast som den neste infrastrukturen for Norge Digitalt.
Fase 2. Etablere metoden mellom kommunane og SK ved hjelp av verktøya QMS ( Quadri Map Server) og QNT (Quadri Ngis Tjener).
Fase 3. Utvide samarbeidet til også å gjelda dei andre geovekstpartane og dei interkommunale renovasjonsselskapa som dekker regionen. (NGIR og BIR)
Fase 4. Etablere WMS-WFS løysing, slik at data blir tilgjengeleg i fri programvare.

Hovedmål og innretning
Felles geodatabase for kommunane i regionen vil få positiv effekt i høve til alle dei tre lista punkta når prosjektet er ferdig.

Tilgang på ferske, kvalitetssikra geodata til Norge Digitalt.

Geodatabasen skal automatisk kommunisera med ByggSøk, Infoland og regionen sin kartportal. Den siste skal vera like oppdatert med allment open informasjon som felles geodatabasen.

Ved at regionen har etabler felles planregister (ennå ikkje komplett) som er lenka til kartportalen, vil kartportalen ikkje berre bli brukt som innsynsverktøy, men og som verktøy i digital plandialog der referansegrunnlag som eigedomsgrenser m.v. er oppdatert til ei kvar tid. Geodatabasen er såleis òg ei viktig brikke i den demokratiske plan- og vedtaksprosessen i plansaker i kommunane. Geodatabasen vil vera eit verktøy for kvalitetsbetring og effektivisering av ei lang rad offentlege og private tenester og gjeremål.

Innsyn i og tilgang til eksisterande stadfest informasjon blir vesentleg lettare. Likeins statistikkproduksjon og romlige analyser.

Utvikling og implementering
Statens Kartverk sin objektkatalog skal utviklast til å verta ein Nasjonal objektkatalog.

Statens Kartverk sin QNT skal kommunsiere med lokale geodatabase løysingar, for dagleg utveksling av geodata.

Ansvarlig tilskuddsmottaker
Meland kommune
v/ Rådmann Helge Thorsen, Pb. 79
5906 Frekhaug

Kontaktperson hos ansvarlig tilskuddsmottaker
Hilde Lillelid Jacobsen, GIS- og landbrukskonsulent
Tlf: 56 17 11 66
Epost: hilde.l.jacobsen@meland.kommune.no

Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Meland kommune
Austrheim kommune
Fedje kommune
Gulen kommune
Lindås kommune
Masfjorden kommune
Modalen kommune
Osterøy kommune
Radøy kommune
Statens kartverk
(21.06.2009)
Share Del med andre