Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Røntgenteneste i Vinje

Prosjektet gjennomføres av Vinje kommune. Difi har gitt tilsagn om prosjekttilskudd fra tilskuddsordningen Digital fornying i kommunene. For kontaktinformasjon se nederst på siden. All informasjon under er hentet fra søknaden om prosjekttilskudd.

Forankring
Politisk vedteke i samband med budsjetthandsaming om røntgenteneste for innbyggjarane i Vinje kommune.

Ein har felles legevaktsamarbeid med Tokke kommune - legevakta er plassert i Vinje. Det betyr at tilbodet gjeld innbyggjarane i to kommunar Tokke og Vinje - og er eit samarbeid med Tokke.

Prosjektbeskrivelse
Formål med prosjektet
1. Utvikle og prøve ut ein konkret samhandlingsmodell mellom helsetenesta i Vinje kommune, felles legevakta for Tokke og Vinje og Sykehuset Telemark. Modellen skal sikre eit forsvarleg, desentralisert tilbod for røntgen og tolking av bildar for pasientar i kommunane.
2. Redusere lang reisetid og prehospital tid for skadde pasientar
3. Frigjere ambulanseressursar, fordi pasienten rakst kan få behandling i heimkommunen
4. Å vinne erfaring med tanke på samhandling mellom kommunens helseteneste og spesialisthelsetenesta (samhandlingsreforma), som kan ha overføringsverdi også til andre delar av landet.

Vinje og Tokke kommunar har eit areal tilsvarande 2 gonger Vestfold fylke med ca 6500 innbyggjarar. I Vinje er det stor turisttrafikk, særleg i vintersesongen, med 4500 hytter og mange hotell og overnattingbedrifter.

Hovedmål og innretning
a) sikre innbyggjarane gode helsetenester gjennom elektroniske tenester mellom kommunen og sjukehuset (lesing av røntgenbilde elektronisk)
b) betre samhandling mellom spesialisthelsetenesta (sjukehuset) og kommunen
c) styrkje kompetansen lokalt blant helsepersonell, også med tanke på rekruttering av helsepersonell (spennande å arbeide på eit lækjarkontor i distrikts-Noreg)

Dette er også eit lekk i å arbeide målretta mot Samhandlingsreforma som blir lagt fram i juni 2009.

Utvikling og implementering
Vera med å skape ein utvikling av Norsk Helsenett ut mot kommunane, som er det nettet som skal nyttast. Fagleg utvikling av helsepersonell, som vil kunne ta over lettare behandling frå sjukehusa, på grunn av rask diagnostisering.

Ansvarlig tilskuddsmottaker
Vinje kommune
3890 Vinje

Kontaktperson hos ansvarlig tilskuddsmottaker
Sissel Jacobsen Bitustøyl, Assisterande rådmann
Tlf: 35 06 23 03/908 46 178
Epost: sissel.bitustoyl@vinje.kommune.no

Deltakende kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter
Vinje kommune

(21.06.2009)
Share Del med andre