Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Undermeny

Årets offentlege nettstader er kåra

Kvalitetsvurdering logo
Årets offentlege nettstader blei kåra under Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin årlege konferanse Kvalitet på nett, kor vurderinga av om lag 700 offentlege nettstader blei presentert. Tromsø kommune fekk prisen for årets kommunale nettstad, årets statlege nettstad blei Regjeringa.no, og årets tilgjengelegheitspris gjekk til Sørum kommune.

– Kvalitetsvurderinga er ein vesentleg del av Difi sitt arbeid for betre kvalitet og tilgjengelegheit på offentlege nettstader. Vi er svært nøgde med utviklinga dei seinare åra. Nærare 200 nettstader får i år toppresultata 5 eller 6 stjerner, mot om lag 100 i 2008 og 44 i 2007, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

Prisane blei delt ut av statssekretær Inger-Anne Ravlum i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Målet med prisane er å løfte fram nettstader som bidreg til eit meir tilgjengeleg og brukarretta offentleg informasjons- og tenestetilbod. Gjennom kåringa ønskjer Difi å fange opp nyskapande initiativ som kan utfordre andre offentlege nettstader i deira nettstadsutvikling.

Vurderinga av alle nettstadane er tilgjengeleg på Noreg.no.
Der kan du sjå rangeringa etter t.d. fylke, resultat eller type verksemd.   

Årets prisvinnarar:

 

Årets tilgjengelegheitspris 2009

Nominerte til prisen:

  • Steinkjer kommune
  • Sørum kommune
  • Tromsø kommune

Juryen sin grunngjeving:

Årets vinnar oppfyller alle krava i kriteriesettet på området tilgjengelegheit. Nettstaden gir i tillegg brukaren moglegheit til å tilpasse utforminga ved å endre farge, lenkemarkering og tekst. Løysinga har nokre manglar når det gjeld markering av brukarval og navigasjon med tastatur. Vinnaren har eit tydeleg fokus på tilgjengelegheit, har laga ei brukarvennleg løysing og er eit førebilete for andre offentlege nettstader.

Vinnaren av årets tilgjengelegheitspris er Sørum kommune.

 

Årets statlege nettstad 2009

Nominerte til prisen:

  • De nasjonale forskningsetiske komiteer  
  • Høgskulen i Bergen 
  • Regjeringa.no 

 Juryen sin grunngjeving:

Vinnaren av prisen for årets statlege nettstad har dei siste åra vore blant dei beste i kvalitetsvurderinga. Nettstaden har ein gjennomgåande temastruktur og tilbyr mykje informasjon på begge målføre. Gjennom ei god løysing for høyringar bidreg nettstaden til ein meir open forvaltning ved å legge ut alle høyringsuttalingane. Vinnaren kan bli betre på tovegskommunikasjon og bør ta i bruk løysingar som inviterer til breiare dialog med innbyggjarane. Juryen tykkjer det er flott at ein held høg kvalitet over tid og vil spesielt framheve at nettstaden er blant dei få som legg ut store dokument i HTML-format.

Vinnaren av årets statlege nettstad er Regjeringa.no.

 

Årets kommunale nettstad 2009

Nominerte til prisen:

  • Porsgrunn kommune
  • Sørum kommune
  • Tromsø kommune

Juryen sin grunngjeving:

Årets vinnar har forbetra seg sidan i fjor og har auka frå 4 til 6 stjerner. Kommunen har ei framside med god balanse mellom nyhende, tenestetilbod og aktuelle saker, som til dømes svineinfluensa. Gjennom tenester som GataMi, inviterar nettstaden til brukarinvolvering med innbyggjarane og gir innsyn i saker som blir innmeldt. GataMi kunne ha vore betre integrert i nettstaden, og kommunen må gjerne vurdere å ta i bruk Los som Tenestestruktur. Juryen meinar at vinnaren har eit ryddig og svært tiltalande design som gjer at nettstaden framstår som attraktiv for brukarane.

Vinnaren av årets kommunale nettstad er Tromsø kommune.

 

Årets fagjury bestod av Aud Marie Hauge (Epinova), Dagfinn Rømen (Deltasenteret), Svein Ølnes (Vestlandsforsking), Frank Fardal (Difi). 

 

(03.12.2009)