Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lenker


Kontakt


10 år som vegvisar i det offentlege

Noreg.no har sidan januar 2000 gjort det lettare å finne fram til offentleg informasjon. Nettportalen er ei av dei mest direkte publikumsretta tenestene i Difi. No blir Noreg.no utvikla vidare til ny innbyggjarportal.

Noreg.no inneheld - som for 10 år sidan - oppdatert kontaktinformasjon til om lag 4.800 offentlege verksemder og temasider med lover, reglar, plikter og rettar. Blant dei mest brukte tenestene på portalen er ”Ditt nærområde” der ein enkelt får oversikt over lokale offentlege kontor teikna inn på skalerbart kart.

Meir tilgjengeleg
- Noreg.no har spela ei betydeleg rolle i å gjere forvaltninga meir tilgjengeleg, sa Difi-direktør Hans Christian Holte, då han nyleg deltok i markeringa av 10-årsjubileet på Leikanger. I ei samansett forvaltning kan det å finne fram vere ei utfordring, men det har lenge vore tverrpolitisk semje om brukarretting, openheit og tilgjengelegheit i sektoren. Slik sett er ein god innbyggjarretta portal ein stadig viktigare del av tilhøvet mellom det offentlege og folk flest, meinte Difi-direktøren.

Kople perspektiv framover
Holte er oppteken av at vi no koplar perspektiva mellom informasjon og konkrete tenester, parallelt med å vere bevisst på framveksten av nye krav; til dømes frå brukarar av sosiale media. Difor er det i tida framover viktig for Difi å sjå Noreg.no og Miside under eitt i arbeidet med å skape gode IKT-løysningar i forvaltninga.

Ny innbyggjarportal
Difi har teke konsekvensen av at brukarane stiller nye krav og har starta arbeidet med å utvikle ein ny innbyggjarportal. Den nye portalen skal innehalde eit vidareutvikla Noreg.no, med Miside-portalen integrert. Portalen vil ha fokus på brukargrupper som treng supplement til eigen kjennskap til forvaltninga og hjelp til å finne fram til rett nivå, etat, informasjon eller teneste.

Mykje brukt
Nettportalen Noreg.no er eit mykje brukt tilbod, med om lag éin million sidevisningar i gjennomsnitt kvar månad i 2009. I tillegg har Norge.no ei svarteneste som svarar på spørsmål via telefon, nettprat, e-post, SMS, brev og telefaks. Tilbakemeldingar frå brukarane tyder på at dei fleste er nøgde med tenestene dei finn på Noreg.no.

(26.01.2010)
Share Del med andre