Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flyreiseaktivitet i staten talfesta

Innrapporterte data om statstilsette sine flyreiser innanlands og utanlands viser ein auke på 45 000 flyreiser og 57 mill. km frå 2. halvår 2008 til 1. halvår 2009. Mykje av auken kjem sannsynlegvis av forbetra rapporteringsrutinar.

NB: Denne siden ble oppdatert 25. mai 2010 for å rette noe på tallene for 1. halvår 2009 (pga feil i innrapportering)

 

Statens flyreiser og klimakvotar

Staten kjøper klimakvotar for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly. Som grunnlag for dette, har Difi samla og samanstilt data over flyreisene til dei statstilsette.

Difi offentleggjer no innrapporterte data for alle statlege verksemder for 2. halvår 2008 og 1. halvår 2009. Tala for 1.halvår 2009 viser ein auke på ca. 20% i forhold til førre halvår. 

Auken i tal km er relativt større enn auken i tal reiser. Dette kjem mellom anna av at utanrikstenesta også har blitt inkludert i rapportering for 1. halvår 2009.

Flyreiser i 2. halvår 2008

  • Internasjonale flyreiser: 87 000 reiser, til saman 176 mill. km.
  • Innanlandske flyreiser: 186 000 reiser, til saman 94 mill. km.
  • Totalt (utland + innland): 273 000 reiser, til saman 270 mill. km.

Flyreiser i 1. halvår 2009

  • Internasjonale flyreiser: 92 000 reiser, til saman 214 mill. km
  • Innanlandske flyreiser: 227 000 reiser, til saman 113 mill. km
  • Total (utland + innland): 319 000 reiser, til saman 327 mill. km.

Reiser er oppgjevne som einskildflygingar, slik at ei tur-returreise blir talt som to reiser. 

Nokre tal til samanlikning:

  • ca. 40 000 km rundt kloden, 
  • det blir berekna 217 tonn CO2 ekv. for kvar mill. km reist med fly 
  • CO2-utsleppet for Noregs 2,5 millioner personbilar er ca. 7,3 mill. tonn/år (tal for 2007 frå SSB), dvs. ca. 3 tonn/bil/år.

Føresetnader og feilkjelder

Rapportering av flyreisene hittil har vore mangelfull og delvis feil. Dette gjer det vanskeleg å rekna ut nøyaktig endring i tal reiser og km.

Til dømes er tur-returreiser blitt registrerte som ei reise, ikkje to, som er det korrekte. Innanlandsreiser har tidlegare blitt registrerte med feil kilometersats i staden for standardsatsen (sjå under). Nokre verksemder har også vesentlig fleire reiser 1. halvår 2009 enn 2. halvår 2008, noko som tyder på at auken i reiser delvis kjem av betre rapporteringsrutinar.  

Ver merksam på at data rapportert for regjeringas bruk av leigefly blir registrert på Statsministerens kontor (SMK). Tala for SMK (km utanlandsreiser) er difor høge. 

Framleis manglar rapportering frå fleire store verksemder, og ein forventar at data for 2. halvår 2009 vil vere enda meir nøyaktig. Innrapportert tal dekkjer ca. 80% av alle statstilsette og har vore ekstrapolert til å dekke 100%.

Tilsette i statsaksjeselskap, statsføretak og statlege verksemder som er omgjort til stiftingar, blir ikkje definerte som statstilsette og blir difor ikkje omfatta av statistikken.

Difi arbeider med kontinuerleg betring av tala og ser ein betring for kvart halvår, mellom anna gjennom integrering med miljøleiingssystem.

Praktisk om rapporteringa:

  1. For internasjonale reiser til og frå Noreg blir det berekna avstand frå Oslo Lufthamn Gardermoen.
  2. Alle internasjonale tenestereiser har start- og sluttpunkt i Noreg. For tenestereiser mellom to land der Noreg ikkje er start- og/eller sluttpunkt, vil det bli berekna avstand til Noreg. Dette vil føre til systematisk overrapportering i og med at einvegsbillettar blir rapporterte som tur/retur.
  3. For internasjonale rundreiser reknar ein med at kvart land berre er besøkt éin gong. I tilfelle der dette ikkje stemmer, vil det rapporterast for få kilometer og for lågt tal reiser til eit land.
  4. Det blir nytta ”Great Circle Distance Formula” for avrekning av avstand for internasjonale reiser der jordkloden blir rekna som ein sfære.
  5. Tenestereiser med fly innad i utland blir ikkje tekne med i rapporten. Ved slike flyttingar vil det bli rapportert for få kilometer.
  6. Tenestereiser der det ikkje blir levert reiserekning eller der flyreisa ikkje blir registrert på rekninga, fell utanfor rapporteringa.
  7. Mellomlandingar under tenestereise blir ikkje tekne med i kilometerberekninga. Ved reiser med mellomlandingar vil difor den rapporterte distansen vere kortare enn den faktisk flogne.
  8. Destinasjon for utanlandsreiser blir sett til hovudstaden i landet. Ved reiser der ein ikkje flyr til hovudstaden, vil kilometerrapporteringa vere unøyaktig. Denne feilkjelda reknar ein ikkje med skal føre til systematisk feil, fordi det i nokre tilfelle blir rapportert for lange distansar medan andre tilfelle blir rapportert for korte.

 

(10.02.2010)
Share Del med andre