Difi deler kartdata frå Noreg.no
Difi deler data frå Noreg.no sine databasar. Her får alle interesserte tilgang til å lese eller hente ut kontaktinformasjon og kartkoordinatar for offentlege etatar.
- All informasjon på Noreg.no er offentleg, og sidan Difi støttar deling av offentleg informasjon har vi laga eit grensesnitt for deling og har gjort alle data tilgjengeleg på Difi.no, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi. Tilgangen til data frå Noreg.no er eit godt døme på tilgjengelegheit og elektronisk samhandling innan offentleg sektor, slik stortingsmeldinga Eit informasjonssamfunn for alle skildrar det, seier han.
Kan brukast av alle
Informasjonen kan brukast som grunnlag for nye databasar av alle slag, det vere seg kundeoppfølgingssystemet til ein marknadsorganisasjon eller eit nettbasert søk i programvare for kartdata. Alt av Noreg.no sin grunnlagsinformasjon om offentlege etatar er organisert i eit strukturert XML-format og er allereie i utgangspunktet tilrettelagt for deling etter avtale gjennom verksemdssamarbeidet Norge digitalt. Informasjonen er basert på enkle og opne standardar som i utgangspunktet er berekna på å dele geografisk informasjon.
Deling av data stetter krava for medlemskap i Norge digitalt og er førespurd av SEMICOLON-prosjektet som har fokus på auka elektronisk samhandling i det offentlege.