Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Flyproblemer? Bruk PCen til videomøte

Vulkanutbrotet på Island våren 2010 auka interessa for videokonferansar, men ikkje alle har alltid tilgang til slike løysingar. Det finst fleire tilbod baserte på PC/nettkamera. Miljøknutepunktet i Nordland har vore kjapt ute og laga ein rettleiar for ei slik løysing.

Prosjektet Miljø og Samfunnsansvar i Offentlige Anskaffelser i Nordland Fylke har laga ei oppskrift på korleis det er mogleg å arrangere elektroniske møte over din eigen berbare PC. Dei har avdekt fleire fordelar ved å arrangere nettmøte framfor å reise:

  • Sparer reisetid
  • Treng ikkje møterom (kan bruke eige kontor)
  • Sparer reisekostnader (overnatting/diett/løn under sjølve reisa)
  • Slepp å vere avhengig av å nå fly
  • Slepp å tape ein heil arbeidsdag
  • Ureinar mindre
  • Kjem heim til vanleg tid

Innkjøpsavdelinga i Nordland Fylkeskommune har testa ut fleire ulike system etter desse kriteria:

  • Tilrettelagt for fleire brukarar
  • Videobilete av deltakarane
  • Kvalitet på lysbileta
  • At brukarane kan skifte på kven som skal presentere
  • Sanntid/Lite forseinkingar
  • Pris på systemet

Tilrådingar og bruksrettleiing frå fylkeskommunen (www.nfk.no)

 

(21.04.2010)
Share Del med andre