Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dei menneskelege sidene ved utflytting av sju statlege tilsyn frå Oslo - Difi-rapport 2010:10

Svært få av dei tilsette vart med permanent då sju statlege tilsyn vart flytta ut av Oslo. Av dei som valde å slutte, har langt dei fleste greidd seg godt og fått nye jobbar. Likevel er dei kritiske både til utflyttingsvedtaket og til prosessen, og er uroa for korleis ein varetek oppgåvene i dei nye tilsyna når så mange av dei tilsette er bytte ut.

- Det å få ny jobb og ha økonomisk tryggleik er ikkje nok i seg sjølv. To tredelar seier at flyttinga av tilsyna verka negativt inn på livssituasjon og trivsel, og omtrent halvparten at ho gjekk ut over det sosiale miljøet og familien. Det er viktig at staten trekkjer på desse røynslene ved nye omstillingsprosessar, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

I 2003 vedtok Stortinget å flytte Konkurransetilsynet, Post- og teletilsynet, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Luftfartsdirektoratet, Statens filmtilsyn og Eigarskapstilsynet ut av Oslo innan 2007. Berre eit fåtal av dei den gongen 815 tilsette flytta med permanent. Difi har på oppdrag frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet undersøkt kva som skjedde med alle dei andre.

Dei tilsette kjem ulikt ut av omstillingsprosessane. 25 prosent (dei fleste under 50 år) rapporterte at byte av jobb i samband med tilsynsflyttinga hadde ein positiv verknad. 15 prosent meiner at livssituasjonen og trivselen er vorten betre etter at dei slutta i tilsynet. Men fleirtalet uttrykkjer at sjølv om dei kom i arbeid, hadde omstillinga ein sterk negativ verknad for livssituasjon, trivsel og det sosiale miljøet. Nærare halvparten meiner at flyttinga hadde negativ verknad for karrieren og privatøkonomien.

Dei fleste opplevde utflyttinga som å miste jobben, då dei ikkje vurderte det som aktuelt å flytte til ein annan del av landet. Dei fleste skaffa seg raskt ny jobb då verksemda deira flytta frå Oslo. Av tidlegare tilsette i tilsyna var det berre 9 prosent som var ufrivillig arbeidslause éin månad etter at dei slutta. Solid og relevant kompetanse og ein god arbeidsmarknad i Oslo-området var avgjerande, og over ein tredel gjekk til privat sektor. Det er ei utbreidd oppfatning at for mange vart pensjonerte for tidleg.

- Store omstillingar er svært krevjande for alle involverte. Den store medarbeidarundersøkinga i staten viser at omstillingar er det dei statstilsette er minst nøgde med. Difi arbeider på fleire frontar med å setje statlege leiarar betre i stand til å leie og gjennomføre slike prosessar, seier Holte.

Eit stort fleirtal av dei det fekk følgjer for, er av fleire årsaker framleis kritiske til flyttinga av tilsyna. Det gjeld sjølve vedtaket om flytting – både grunngjevinga for vedtaket og måten det vart formidla på. Dei er uroa for korleis fagfeltet og oppgåveutføringa blir varetekne i dei nye tilsyna når det meste av kompetansen blir skift ut, og dei opplever at deira kompetanse ikkje vart verdsett, ettersom ei slik total utskifting av kompetanse kunne skje.

- Mange av dei involverte tolka grunngjevinga for utflyttingsvedtaket som vikarierande. Dei meiner at flyttinga dreidde seg om distriktspolitikk, ikkje om betre tilgang på kvalifisert arbeidskraft, ei sjølvstendig rolle og lågare kostnader. Det gjorde det vanskelegare for dei tilsette å akseptere omstillinga, seier Holte.

(17.06.2010)
Share Del med andre