Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Fleire verksemder tek Offentleg elektronisk postjournal i bruk

Offentleg elektronisk postjournal (OEP) har vore mykje brukt av publikum i dei første seks vekene etter lansering. Den 29. juni tok elleve nye verksemder i bruk OEP som publiseringsløysing for offentleg journal, og OEP vert med det eit enda betre verktøy for innbyggjarane.

OEP er ei felles publiseringsteneste for statlege verksemder sine offentlege journalar. Dette betyr at du på www.oep.no kan søkje i inn- og utgåande brev frå verksemdene, og i nokre høve i interne notat. Frå OEP kan du også krevje innsyn i breva eller dokumenta med heimel i offentleglova. Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) er forvaltingsansvarleg for tenesta.

Det er sendt krav om innsyn i 8.765 dokument sida opninga 18. mai. Forvaltninga har gjort 194.441 dokument tilgjengelege for innbyggjarane gjennom OEP i løpet av desse vekene.

Ver merksam på at det for nokre av dei nye verksemdene kan ta nokre dagar før det vert publisert informasjon til tenesta. Dette er avhengig av journalføringspraksisen i dei einskilde verksemdene.

Difi held fram arbeidet med å fase inn fleire innhaldsleverandørar, og over sommaren ventar vi at ei rekkje statlege verksemder er klare til å ta OEP i bruk. Etter kvart skal alle departement, Statsministerens kontor, fylkesmennene og direktorat og tilsyn med heile landet som verkeområde nytte OEP, jf. offentlegforskrifta § 6.

Dei elleve nye innhaldsleverandørane til OEP er:

  • Nokut - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
  • Klima- og forureiningsdirektoratet
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
  • Statsbygg
  • Arbeidstilsynet
  • Finanstilsynet
  • Luftfartstilsynet
  • Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad)
  • Husbanken
  • Brønnøysundregistra
  • Noregs geologiske undersøking

(30.06.2010)
Share Del med andre