Med Nasjonal eID i lomma
Løpet er lagt for at du skal få eit nasjonalt ID-kort som du også kan bruke som sikker legitimasjon på nettet.
Saman med Justisdepartementet og Politiet, er Difi i full sving med å utvikle eit nasjonalt ID-kort. I tillegg til å være eit reisedokument i Schengen-området med brikke for foto og fingeravtrykk, skal kortet ha ein offentleg utskriven elektronisk ID (eID).
”Nasjonal eID skal gi borgarane ein brukarvenleg og sikker elektronisk identitet som det offentlege tildeler og fører kontroll med” er det overordna målet for arbeidet.
ID-kortet skal etter planen være klart for utskriving frå tredje kvartal i 2011.
Sikker utveksling av informasjon
I dag brukar over to millionar personar den elektroniske legitimasjonen MinID, som gir tilgang til tenester på middels høgt sikkerheitsnivå. Som brukar av MinID kan du mellom anna levere sjølvmelding, byte fastlege eller skifte adresse via internett.
Den elektroniske ID-en som skal ligge i Nasjonalt ID-kort, er i kategorien høgaste sikkerheitsnivå. Det betyr at det er mogleg å sende sensitive opplysningar, til dømes informasjon om helsa di, mellom deg og det offentlige - utan at informasjonen kan komme på avvegar.
Justisdepartementet vil få eit overordna ansvar for utleveringsrutinar og kontroll på sikkerheit og risiko.
Fakta om elektronisk ID og ID-porten:
- Du kan søke skuleplass, byte fastlege, melde adresseendring eller levere sjølvmelding over internett.
- For å bruke offentlege tenester på nett, må du ha ein elektronisk identitet (eID), slik du elles brukar pass, førarkort eller bankkort for å bevise kven du er. Mange offentlege tenester kunne ikkje vore tilgjengelige via internett utan sikker innlogging med eID.
- Uansett kva teneste du skal bruke, enten det er hjå Nav, Lånekassen eller Skatteetaten, vil du møte det same biletet når du skal logge deg inn.
- Mot slutten av 2010 kan du velje korleis du ønskjer å identifisere deg: Med MinID eller eID-løysingane frå Buypass og Commfides. Dei to sistnemnde er eID-ar på høgaste sikkerheitsnivå som gjer det mogleg å sende sensitive opplysningar på ein trygg måte, for eksempel om helsa di, mellom deg og det offentlege.
- I løpet av 2011 kjem Nasjonalt ID-kort med elektronisk identitet på høgaste sikkerheitsnivå - i tillegg til løysingane frå Buypass og Commfides.