Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Difi tilbyr "Å starte i staten" – eit introduksjonsprogram for alle nytilsette i staten

"Å starte i staten" gjev innsikt i kva det vil seie å arbeide i staten, og gjev ei felles forståing av det statlege rammeverket og styringa, organiseringa og hovudoppgåvene ved statsforvaltninga.

Det tek berre ein time å gjennomføre dei fire modulane i programmet, og dei er i hovudsak ein kombinasjon av video og tradisjonelle e-læringsøvingar. Det er råd å skrive ut eige kursbevis etter enda gjennomgang.

I programmet møter vi fire nytilsette som alle startar i ulike statlege verksemder og vi følgjer den fyrste tida deira som nytilsette.

Programmet skal kunne stå åleine som ei kort innføring i ”slik gjer vi det i staten”, eller i kombinasjon med andre tiltak. Programmet kan då brukast som eit supplement til andre opplæringsopplegg i statlege verksemder. Til dømes som ein del av ei startpakke.

Nettkurset krev breiband
Nettkurset krev støtte for Flash 9 i nettlesaren og opning for lyd.
Difi tilbyr verksemder som ynskjer det, å laste opp nettkurset til eige LMS.

Klikk her for å starte programmet http://starteistaten.difi.no

Førespurnader knytte til programmet kan sendast starteistaten@difi.no

 

(23.09.2010)
Share Del med andre