Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lenker


Kontakt


Digitalt førstevalg – kartlegging i regi av Difi

Å gjere elektronisk kommunikasjon til den primære kanalen for dialog mellom innbyggjarar/næringsliv og offentlege verksemder er eit viktig mål for regjeringa, jamfør St.meld. nr. 19(2008-2009), Ei forvaltning for demokrati og fellesskap og Statens kommunikasjonspolitikk (2009). Denne politikken vert kalla digitalt førstevalg.

Det overordna målet er å etablere ein politikk som skal sikre utvikling av gode publikumstenester og effektivisering i offentlege verksemder. Politikken skal også resultere i auka utviklingstakt for digitalisering av offentlege oppgåver.

Hausten 2010 og våren 2011 skal Difi kartlegge status for bruk av digitale tenester i offentlege verksemder for å kunne seie noko om kor langt forvaltinga er kome med digitalisering av sine oppgåver. Det er også meininga å måle digitaliseringa over tid.

I tillegg skal Difi finne ut kva som skal til for å nå det politiske målet. Vi skal i finne sentrale hindringar for auka bruk av elektroniske tenester generelt (eforvaltning). Formålet er at kartlegginga skal danne grunnlag for å identifisere og prioritere utviklingstiltak på ulike områder.

Vi startar opp med workshop i samband med Nokios 26. – 28. oktober i Trondheim. Her kan alle interesserte bidra til å finne gode tiltak for å nå målsetninga!

Workshopen finn stad 26.oktober kl 12:30 til 16:30 på Rica Nidelven Hotel.

Klikk her for meir informasjon om arrangementet

Ta også gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller innspel!

(02.09.2010)
Share Del med andre