Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Regjeringa satsar vidare på e-handel

Omsetninga på E-handelsplattforma passerer i år fire milliardar kroner, og kring 80 offentlege verksemder er venta å vere med på ordninga ved utgangen av året. I statsbudsjettet for 2011 er det løyvt nitten millionar til å styrkje e-handelen i det offentlege.

E-handelsplattforma blir administrert av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). E-handelsplattforma er eit hjelpemiddel for å oppnå økonomisk vinst i offentleg sektor, ved meir effektive innkjøp og utnytting av rammeavtalar. For leverandørane er E-handelsplattforma ein rasjonaliserande marknadskanal mot oppdragsgjevarar i offentleg sektor.

– Elektronisk handel frigjer ressursar i verksemdene. Det er også den beste måten å sikre at rammeavtalar blir etterlevde og at innkjøpa blir så enkle og sikre som råd, seier direktør Hans Christian Holthe i Difi.

Milliardomsetning

Ved utløpet av 2002 var omsetninga på E-handelsplattforma berre 16 millionar kroner. I fjor passerte omsetninga 3,5 milliardar kroner, og ho vil passere 4 milliardar i 2010.

Blant deltakarane på www.ehandel.no er Jernbaneverket og Akershus universitetssykehus HF. Nærare 30 kommunar er også med, inklusive Bergen kommune og Oslo kommune. Plattforma har 302 leverandørar med elektroniske katalogar.

Eitt grensesnitt

E-handelsplattforma reduserer kostnadene for elektronisk integrering mellom oppdragsgjevarar og leverandørar ved at dei får eitt felles grensesnitt i staden for fleire ulike.

E-handelsplattforma har over tid vorte ei svært viktig løysing for e-handel i offentleg sektor. I tillegg til den norske marknaden, inkluderer E-handelsplattforma fleire private verksemder i både Noreg, Sverige, Finland, Danmark og Island. Gjennom deltaking i det EU-finansierte prosjektet PEPPOL er E-handelsplattforma også i ferd med å bli knytt saman med tilsvarande løysingar i ei rekkje andre europeiske land.

Administrasjonskostnaden for innkjøp er normalt mellom 2 og 10 prosent av innkjøpskostnadene. Ved å delta på Ehandel.no oppnår verksemdene ein vinst på mellom 2 og 5 prosent av det totale innkjøpet i verksemda.

Investeringskostnader for å ta i bruk elektronisk handel utgjer gjennomsnittleg 0,75 prosent av totale driftsinnkjøp fordelt på 2-3 år. Førebelse undersøkingar indikerer nettoinnsparingar ved å kople seg opp mot Ehandel.no alt etter andre året.

(28.10.2010)
Share Del med andre