Årets offentlege nettstader er kåra - 2010
Stortinget fekk prisen for årets statlege nettstad, medan Kongsvinger kommune fekk prisen for årets kommunale nettstad. Prisen for best tilgjengelege nettstad gjekk til Forskningsetiske komiteer.
Finn resultat for den enkelte kommune
Samanlikna med 2009 er det 55 prosent fleire nettstader som oppnår seks stjerner i år.
– Resultata frå årets vurdering viser at dei gode blir betre og at dei svake ikkje heng med i utviklinga, seier direktør Hans Christian Holte i Difi.
Nettstadene vart kåra i dag av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) under den årlege konferansen Kvalitet på nett. Tildelingane er ein del av Difi sitt arbeid for å gjere kvalitet og brukarretting betre på offentlege nettstader.
Ein fagjury står bak kåringa. Prisane er tufta på Difi sine kriterium for kvaliteten på offentlege nettstader, men fagjuryen ser også på sider ved nettstadene som ikkje så lett lar seg måle.
– Med kåringa vonar Difi å lyfte fram dei gode døma på offentlege nettstader og med dette vise veg for andre offentlege nettstader, seier Hans Christian Holte.
Opptak frå konferansen
Klikk på linkane for å sjå opptak av konferansen.
Del 1 - før lunsj: http://media01.smartcom.no/Microsite/start.aspx?eventid=5650
Del 2 - etter lunsj: http://media01.smartcom.no/Microsite/start.aspx?eventid=5651