Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Nytt verktøy for offentlege byggherrar

Kommunane treng hjelp til samarbeid og samordning, meiner Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi). Derfor opna Difi i dag ein ny nettstad for anskaffingar innan bygg, anlegg og eigedom.

Den nye nettstaden er ein del av anskaffelser.no og er retta mot anskaffingar innan bygg og anlegg, som er eit av de vanskeligaste og mest omfattande innkjøpsområda for kommunane.

 – Offentlige byggherrar treng betre verktøy som legg til rette for deling av kunnskap om anskaffingar. Nettopp derfor lanserer Difi nå eit verktøy på nett som gjer dette arbeidet lettare, seier direktør Hans Christian Holte i Difi.

Milliardar

Et overslag syner at 40 til 60 prosent av dei offentlege anskaffingane gjeld bygg og anlegg. Dette inneber at offentleg sektor kjøper inn varer og tenester innan bygg, anlegg og eigedom for ein stad mellom 150 og 228 milliardar kroner kvart år.

Ifølge Difi har kommunane eit klårt behov for omforeina malar for anskaffingar av både prosjektleiar, arkitekt, byggeleiar og entreprise. Døme på utfylte malar og rettleiingar er også viktig.

Hans Christian Holte håper at det nye verktøyet vil gje både politikarar og administrasjon i kommunar og fylkeskommunar tilgang til verktøy og metodar som sikrar god handtering av det anskaffingsfaglege i alle fasar av byggeprosjekt.

(02.11.2010)
Share Del med andre