Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dokumenter


Kontakt


Statens flyreiser: Betre rapportering – mindre reising

Tala for fyrste halvdel av 2010 er klare og viser ein liten nedgang. Dei tilsette i staten flaug 325 millionar kilometer, med same miljøverknad som utslepp av 70 000 tonn CO2.

– Flyreisetala er viktige for å gjere statlege verksemder medvitne om korleis dei belastar miljøet. Nokre gonger er flyreiser naudsynte, men i mange tilfelle kan dei erstattast med videokonferansar eller annan nettkommunikasjon. Då sparer vi miljøet og løyser oppgåva raskare. Digitale møter og digitalt samarbeid bør i mange tilfelle vere fyrstevalet, seier direktør Hans Christian Holte i Difi.

Rapporteringssystemet for statstilsette sine flyreiser er no robust nok til å brukast når statlege verksemder rapporterer på eiga miljøbelastning, som ledd i oppfølging av miljøleiingssystemet som alle statlege verksemder skal ha.

 

Staten kjøper kvotar

Staten kjøper klimakvotar for internasjonale tenestereiser som statstilsette gjer med fly. Som grunnlag for dette, samlar Difi data over statstilsette sine flyreiser, medrekna politisk leiing i departementa. Tala blir rapporterte inn til Finansdepartementet som så kjøper klimakvotar for utslepp frå dei internasjonale reisene.

Statistikken er basert på reiserekningar, innsamla frå Senter for statleg økonomistyring (SSØ), Bluegarden og om lag 30 verksemder som rapporterer direkte. For 2010 er tala normerte i høve til årsverk, og ikkje tilsette som tidlegare. Dette er gjort for å få ei meir realistisk og nøyaktig tilnærming. Reisene for om lag 85 prosent av statens årsverk vart innrapporterte og tala for heile staten utleidd frå denne delen.

Flyreiser i 1. halvår 2010 (endring frå 1. halvår 2009 i parentes)

  • Utanlandsreiser: 92 000 reiser, til saman 212 mill. km (-0,1% og -0,7% resp.)
  • Innlandsreiser: 225 000 reiser, til saman 112 mill. km (-1%)
  • Total (utland + innland): 317 000 reiser, til saman 325 mill. km (-0,8%)

Reiser er oppgjevne som enkeltflygingar, slik at ei tur/retur reise tel som to reiser.

(19.11.2010)
Share Del med andre