Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Millionmilepæl for offentleg e-handel

For fyrste gong vert det omsett varer og tenester for over 500 millionar kroner i ein enkelt månad på Ehandelsplattforma. Dette går fram av tal for november månad frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Ehandelsplattforma er ein del av Ehandel.no, som er Difi sitt viktigaste initiativ for å gjere det lettare å ta i bruk elektronisk handel. Offentlege verksemder får her kostnadseffektiv tilgang til heilheitlege e-handelstjenester og rettleiing i korleis e-handelstjenester kan bli eit effektivt verktøy for betre, enklare og sikrare innkjøp.

– Høg omsetning på Ehandelsplattforma, tyder på at offentlege innkjøparar gjer grundige og planlagde innkjøp. Dette er ei ønska og nødvendig utvikling, seier direktør Hans Christian Holte i Difi.

Milliongevinst
Difi har berekna at elektronisk handel gjer ein gevinst på minst to prosent av innkjøpsvolumet.

– Bruker vi talet to prosent for deltakarane på Ehandelsplattforma, kan vi rekne med at dei har spart i overkant av 80 millionar kroner i år, seier Hans Christian Holte.

Volumet opp
Han seier at målretta arbeid for å auke volumet hos dei om lag 80 eksisterande kundane på plattforma er hovudårsaka til omsetningsrekorden. Heile 39 780 ordre vert plassert i november, noko som er ny rekord for ein einskild månad. 

Innan utgangen av 2010 vil omlag 4,2 milliardar kroner ha bli omsett over Ehandelsplattforma. Ei nyheit på plattforma i år er Åpen marknadsplass, som gjev leverandørane eit høve til å syne fram sitt totale produktspekter for offentlege verksemder.

(21.12.2010)
Share Del med andre