Saman om felles mål? Difi-rapport 2010:18
Ein ny rapport formidlar erfaringar frå nokre utvalde tverrgåande prosjekt og oppgåver i staten, og trekk ut viktige felles lærdomar. Det er avgjerande å utvikle tillit og ein kultur for deling mellom partane i samarbeidet, og gode måtar å finansiere oppgåver på tvers av sektorar.
Forvaltinga er spesialisert. Samtidig møter den i dag ei rekkje utfordringar som må løysast i samarbeid andre sektorar. Tverrsektorielle prosjekt og oppgåver stiller ekstra krav til effektiv styring, gode finansieringsmodellar, samordning og samarbeid mellom verksemdene som deltek.
Eksempel på samarbeid på tvers
I rapporten legg vi særleg vekt på eksempla Altinn, eResept og Norge Digitalt. Vi oppsummerer aktørane sine eigne erfaringar og vurderingar, og peikar ut frå dette på nokre felles lærdomar som etter Difi si vurdering bør gjevast særleg merksemd i tilsvarande tverrsektorielle samarbeidsprosjekt.
Føresetnader for samarbeid
Det er avgjerande å etablere gjensidig tillit og ein kultur for samarbeid og deling i tverrgåande oppgåveløysing. Sjølv om eit samarbeid i byrjinga kan medføre meir konflikt enn vinst, kan tillit etter kvart byggjast opp. Motsett, om ein ikkje har eller greier å byggje opp eit tillitsforhold, kan samarbeid bli eit kostbart, lite effektivt og slitsamt fenomen, som lett får eit rituelt preg om det likevel kjem i stand.
Utfordringar og løysingar
Departementa har ei utfordrande, men viktig, rolle å vareta for å sikre ei profesjonell styring av tverrsektorielt samarbeid. Til dømes vil slikt samarbeid ofte gje finansielle utfordringar og prioriteringsbehov som krev aktivt samarbeid mellom departementa. Dette tyder på at den tverrdepartementale styringsfunksjonen må styrkast. Det vil òg vere viktig å etablere insitament for å skape resultat på tvers av sektorar. I dag premierast berre det å skape resultat innanfor eigen verksemd.
Det er naudsynt å utvikle gode finansieringsmodellar for utviklings- og driftsoppgåver på tvers av sektorane. Usemje om finansiering kan utfordre både viljen til å etablere samarbeid og gode fellesskapsløysingar.
I tillegg vil vi peike på at det er viktig å ha merksemd rundt viktige vilkår for å få etablert eit vellukka samarbeid når ein planlegg tverrsektorielle prosjekt.