Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lenker


Kontakt


På jakt etter det store skupet

Saker med tittelen ”avskjerma” ligg heilt på topp i talet tingingar om innsyn i dei offentlege postlistene. Etter at Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet lanserte Offentleg elektronisk postjournal (OEP) i mai i fjor, har meir enn 75 000 dokument blitt bestilt.

– Journalistar er dei mest aktive brukarane av OEP. Forklaringa på at saker som er merka som ”avskjerma” er så populære, er nok at sensitive saker ofte er av nyheitsinteresse, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Store mengder
Difi har ansvaret for driften av Offentleg elektronisk postjournal (OEP), som er ei felles løysing for publisering av postlister for statlege verksemder. Sidan starten har brukarane bestilt innsyn i meir enn 75 000 dokument.

Eit av dei mest brukte søkeorda er ”klage”, med over 10 000 søk. Mange av dei mest etterspurde dokumenta har same tittel og heiter berre ”avskjerma”. Desse dokumenta kan likevel innehalde interessante opplysningar for pressa, og journalisten ber derfor om innsyn i sakene sjølv om dei har avskjerma opplysningar.

Meirinnsyn
– Verksemda som får kravet om innsyn skal alltid vurdere såkalla meirinnsyn, og det kan føre til at heile eller delar av dokumentet likevel blir gitt ut, seier Holte.

OEP gjev innsyn i postjournalen, det vil seie dokumentnamn, dato og avsendar og mottakar. Utifrå postjournalen kan brukarane tinge innsyn i dokumentet. OEP gjer det mogeleg å tinge innsyn hos fleire verksemder samstundes på eit brukarvenleg vis.

Lokalt journalløft
– Det er fyrst og fremst journalistar, men også interesseorganisasjonar, som er dei største brukarane av OEP. At fylkesmannsembeta også er med i OEP, gjer OEP interessant også for lokal- og regionalmedia, seier Holte.

Som døme syner han til høge innsynstal på saker om Statnett og kraftlinjer og om heving av ubåten ved Fedje. Interessa for det norske nærværet i Afghanistan fører til at ordet ”Afghanistan” også er eit mykje brukt søkeord på OEP.

Sidan lanseringa av OEP i mai i fjor og fram til i dag, har 952 000 journalpostar blitt publisert på OEP. Mens det tidlegare berre var journalistar som kunne søke elektronisk i Elektronisk postjournal (EPJ), kan kven som helst søke innsyn gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP) .

Postlistene til 74 offentlege verksemder, deriblant alle departementa, er tilgjengelege på OEP. Norske kommunar er så langt ikkje inkludert i ordninga.

(03.02.2011)
Share Del med andre