Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Kvinnedominans på kursa

Sju av ti som går på sentrale kurs i staten, er kvinner. – Også kursdeltakinga skal vere jamstelt. Vi er ikkje nøgde med at flinke jenter går på kurs, medan menn heller vel å byggje nettverk på konferansar, seier avdelingsdirektør Marit Wærness i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Direktoratet arrangerer 110 kurs og konferansar i året, og prøvar ut metodar for å jamne ut skilnaden. Wærness har tru på at den nye og viktige innsatsfaktoren e-læring kan ha større appell til eit mannleg publikum enn dei tradisjonelle kursa.

– Vi ser at det er fleire menn som deltek når kurstemaet er IKT. På kursa om kjøp og utvikling av IKT, var det så å seie like mange mannlege som kvinnlege deltakarar. Dersom det er slik at bruk av IKT i seg sjølv appellerer til menn, kan kanskje e-læringstilbodet medverke til å jamne ut kjønnsskilnaden, seier Wærness.

Ho trur også at menn likar fleksibiliteten som e-læringa tilbyr. Men ikkje alle av dei tradisjonelle kursa kan erstattast av e-læring. Difor er ho oppteken av å få menn til å reflektere meir over det å delta på kurs.

Lønsparadoks
Kursa tek opp relevante og aktuelle tema som statleg tilsette bør vere oppdaterte på.

– Tala våre kan tyde på at kvinner er meir viljuge enn menn til å utvikle seg og tileigne seg kunnskap, men likevel er menn lønsleiande.  Dette er eit paradoks, seier Wærness.

Nye e-kurs
I fjor haust lanserte Difi tre nye e-læringstilbod retta både mot nye tilsette og nye og erfarne leiarar i staten. Så langt har ikkje direktoratet trekt nokon konklusjonar om korvidt e-læring er med på å jamne ut skilnaden.

Av dei rundt 134 000 tilsette i staten, er 51 prosent kvinner og 49 prosent menn (kjelde: Statens tenestemannsregister, 2010). Omlag 6000 statleg tilsette deltok på sentrale kurs og konferansar i 2010. Rundt 3000 av desse fylte ut evalueringsskjema, som dannar grunnlag for statistikken om kjønnsskilnader.

Deltaking på sentrale kurs i staten

Kvinner (prosent)

Menn (prosent)

Total kjønnsfordeling

73

27

Kurs i forvaltningskunnskap

80

20

Leiing og medarbeidarskap

71

29

Kommunikasjon

71

29

Internasjonal kompetanse

60

40

Kjøp og utvikling av IKT

48

52

Deltaking på sentrale konferansar i staten

56

44

 

(07.03.2011)
Share Del med andre