Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontakt


Endå enklare å få tilgang til dokument frå det offentlege

I dei nærmaste vekene kjem 20 nye verksemder til å ta i bruk Offentleg elektronisk postjournal (OEP).

Då kan du finne journalane frå 96 departement, direktorat, tilsyn og fylkesmenn på www.oep.no. Her kan du søke i informasjon på tvers av etatsgrenser og forvaltningsnivå, og med heimel i Offentleglova krevje innsyn i dei dokumenta du finn interessante.

– At Offentleg elektronisk postjournal no vert utvida med enno fleire verksemder er eit viktig skritt i retning av ei opnare offentleg forvaltning, seier Endre Hjelseth, avdelingsdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT.

Populær teneste
Han seier at sidan lanseringa av OEP 18. mai i 2010, er OEP brukt til å krevje innsyn meir enn 100.000 gonger.

– Dette er teikn på at vi leverer ei teneste som innbyggarane både ønskjer og tek i bruk, seier Hjelseth.

Open forvaltning
OEP er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for å lage ein meir open og gjennomsiktleg offentleg forvaltning. Tenesta skal gjere det enklare å få tilgong til offentlege brev og dokumenter, samtidig som den skal effektivisere forvaltninga si gjennomføring av offentlegheitsprinsippet.

Statsministerens kontor, alle departement, fylkesmenn og direktorat og tilsyn med heile landet som verkeområde skal bruke tenesta for å publisere offentleg journal på Internett.

Desse verksemdene skal ta OEP i bruk i løpet av dei neste vekene:

  • Fiskeridirektoratet
  • Kystverket
  • Bioteknologinemnda
  • Statens institutt for rusmiddelforskning
  • Nasjonalt folkehelseinstitutt
  • Statens strålevern
  • Statens helsetilsyn
  • Politidirektoratet
  • Utlendingsdirektoratet
  • Norsk filminstitutt
  • Arkivverket
  • Språkrådet
  • Domstoladministrasjonen
  • Sekretariatet for Konfliktrådene
  • Petroleumstilsynet
  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
  • Skattedirektoratet
  • Norsk polarinstitutt
  • Oljedirektoratet
(11.04.2011)
Share Del med andre