Styring av selskap med samfunnspolitiske oppgåver - Difi-rapport 2011:5
Difi har kartlagt kva verkemiddel staten rår over når det gjeld styring av statlege selskap med sektorpolitiske oppgåver, og korleis dei vert brukt.
– Det er ein myte at statleg eigde selskap med viktige samfunnsoppgåver ikkje er underlagt politisk styring. Staten rår over mange ulike styringsverkemidel, og bruker dei flittig, seier Hans Christian Holte, direktør i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).
Staten eig ei rekkje selskap som utfører viktige samfunnsoppgåver innan til dømes helse, samferdsel og energiforsyning, samstundes som dei også har økonomiske mål. Det kan være ei utfordring å balansere desse ulike måla både for selskapa sjølve og for departementa som skal utøve eigarrolla.
Dobbel styring
Mange selskap får betydelege tilskot over statsbudsjettet for å kunne oppfylle dei sektorpolitiske måla sine, medan andre får inntektene sine heilt eller delvis frå marknaden.
–Store tilskot vil kunne føre til at styringa vert for tett og detaljert. Utfordringa er å finne den rette balansen mellom autonomien til selskapa og behovet for politisk styring, seier Holte.
Staten kan styre på mange måtar
Kartlegginga viser at staten har mange styringsverkemiddel, og at dei vert brukt fleksibelt og i ulike kombinasjonar, tilpassa situasjonen og eigenarten til det enkelte selskapet. Det som er mest avgjerande for val av verkemiddel, er konkurransesituasjonen til selskapa.
Kartlegging omfattar 30 selskap med sektorpolitiske mål innanfor ulike samfunnsområde. Det er stor variasjon selskapa i mellom når det gjeld oppgåver, storleik og rammevilkår, slik som reguleringar innanfor dei aktuelle samfunnsområda og marknadssituasjonen for dei tenestene som skal leverast.
Kartlegginga er utførd på oppdrag frå ei interdepartemental arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet.