Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dokumenter


Kontakt


Offentleg elektronisk postjournal fyller eitt år

Meir enn 120 000 krav om innsyn har blitt satt fram dei siste 12 månedane.

Etter oppstarten for eit år sidan, er postlistene til 86 statlege verksemder no tilgjengelege på Offentleg elektronisk postjournal (OEP).

Nettstaden Oep.no blir i høg grad brukt av journalistar, men også av vanlege folk som ønskjer å sjå nærare på saksbehandlinga i forvaltninga.

Enklare innsyn
– Ved å samle alle journalane på ein nettstad og sidan at du kan søkje på tvers av etatsgrenser og nivå i forvaltninga, vert det mykje enklare å finne rett informasjon, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Meir enn 1,5 millionar dokumenter er lagt ut. Dei aller fleste verksemdene mottek fleire krav om innsyn etter at OEP blei lansert.

– OEP er eit godt døme på korleis vi kan bruke IT-løysingar og internett som eit verktøy for å gjere informasjon mykje enklare tilgjengeleg, seier Holte.

Vellukka eittåring
Han seier at  OEP har levd opp til forventningane som ei teneste som gjev ei meir open og gjennomsiktleg offentleg forvaltning.

– I dag kan dei som ynskjer det finne enkelt og raskt fram i jungelen av offentlige brev og dokument. Men vesentleg fleire innsynskrav enn før, gjev også forvaltninga meir arbeid og nye utfordringar, seier Holte.

Han seier at dette tyder at Difi må arbeide fram gode løysingar for å effektivisere handsaminga av innsynskrava, samstundes som Difi vil arbeide for at Oep.no stadig blir betre for brukarane. 

(26.05.2011)
Share Del med andre