Kvalitetsvurdering av nær 700 offentlege nettstader
Kriteriesettet som vil ligge til grunn for vurderinga av nær 700 offentlege nettstader i 2011, er no klart. Det inneheld totalt 33 kriterium på områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald. Gjennomgangen av nettstadene startar i august.
Kriteriesettet låg i mai ute på høyring der ein hadde moglegheit til å komme med innspel på dei aktuelle kriteria. Det kom inn mange nyttige høyringssvar, noko som er avgjerande for kvaliteten og legitimiteten til kriteriesettet. Takk til alle som tok seg tid til å debattere og kommentere!
ID-porten og mobile einingar
Nytt av året er eit større fokus på mobile einingar og poeng for bruk av ID-porten (eventuelt Feide for utdanningsinstitusjonar). W3C sin mobilvalidator er innført som testmetode i kriterium 2.1. Denne validatoren byggjer på W3C sine retningslinjer «Mobile Web Best Practices 1.0». Nettstader som scorar meir enn 40% i testen får eitt poeng.
Difi utviklar og driftar ein felles infrastruktur for innlogging til offentlege nettenester, ID-porten. ID-porten tilbyr innlogging med tre forskjellige elektroniske ID-ar: MinID, Buypass ID og Commfides. Bruk av ID-porten blir løna med eitt poeng i kriterium 3.10.
LIX-testen teken ut
Kriterium 2.12 som løna nettstader med forståeleg og enkel tekst, er i år fjerna frå kriteriesettet. Bakgrunnen for dette er mangel på tilfredsstillande testmetode for å måle om ein tekst er forståeleg og enkel å lese. Forståeleg og enkel tekst på nettstadene er sjølvsagt svært viktig, og redaktørar og skribentar blir oppmoda om å følgje prosjektet «Klart språk i staten» for inspirasjon, råd og tips.
Planlagt oppstart for årets kvalitetsvurdering er i midten av august.
For meir informasjon om kvalitetsvurderinga, sjå http://kvalitet.difi.no