Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Datahotell vekkjer internasjonal merksemd

Noreg og Difi si tilnærming til opning av offentlege data vekte oppsikt då den vart presentert på konferansen Open Government Data Camp (OGDC) i Warszawa førre veke.

Som ein del av ein pakke med tiltak kunne Noreg presentera Difi sitt datahotell, som tilbyr ein lett anvendeleg infrastruktur for å gjere offentlege rådata tilgjengelege.

– Vi er svært oppglødde over at Noreg kan presentere nyskapande og nyttige verktøy som blir lagt merke til i det internasjonale miljøet rundt opning av offentlege datasett, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Datahotellet fekk god mottaking på OGDC, og European Public Sector Information Platform (EPSIplatform) publiserte 25. oktober ein artikkel om datahotellet på nettsidene side. EPSIplatform er ein av dei viktigaste internasjonale nettstadene for vidarebruk av offentlege data.

Noreg og Difi

På konferansen presenterte Difi Noreg si tilnærming til opning av offentlege data. Hovudvekta av presentasjonen gjekk på datahotellet, men andre tiltak som dataportalen Data.norge.no og Norsk Lisens for Offentlige Data (NLOD) vart òg lagt fram.

– I mange land har det lenge vore eit stort hinder for opning av offentlege data, nemleg at det er både kostbart og tidkrevjande å gjera datasetta tilgjengelege i maskinlesbare format. Med datahotellet har Difi funne ei løysing på denne utfordringa, seier Hans Christian Holte.

Dataeigarar som har enkle datasett, til dømes i form av Excel-ark, blir rettleia i korleis desse kan lastast opp. Opplasta datasett blir automatisk konvertert til fleire ulike maskinlesbare format. Dette er heilt naudsynt dersom utviklarar på ein enkel måte skal kunna vidarebruka datasetta. Dermed slepp dataeigarar å investera tid og ressursar på å laga sin eigen infrastruktur for opning av datasetta sine, og terskelen for å opna opp datasetta sine er dermed betrakteleg senka.

Opne offentlege data

Opning av offentlege datasett for vidarebruk er dei siste åra blitt eit stadig større satsingsfelt, noko som har ført til at utviklarar har laga ein flora av nye tenester og appar basert på offentlege datasett.


20.–21. oktober representerte Difi Noreg på den andre årlege OGDC. Konferansen samlar rundt 400 deltakarar frå over 50 land. Her møtest utviklarar, dataeigarar, offentlege tenestepersonar, akademikarar, journalistar og entusiastar frå heile verda for å diskutera, presentera idear og planar, halde workshops og laga nye tenester og appar basert på opne offentlege datasett.

(27.10.2011)
Share Del med andre
 

Kommentarer:

 

E-postadressen din blir aldri publisert eller frigitt. Kommentaren du sender inn blir verken journalført eller arkivert. Ønsker du at meldingen din skal bli saksbehandlet, må du ta kontakt med oss på postmottak@difi.no.

 

blog comments powered by Disqus