Korleis kan vi kommunisere betre med målgruppene våre? Kva er typiske trekk ved byråkratspråket? Kva er det viktig å tenkje på når ein skal skrive? På frukostseminaret 18. oktober fekk du praktiske råd og tips om klarspråk i praksis, nå kan du sjå opptak på nett-tv.
Program:
Sidsel Hauff er kommunikasjonsrådgjevar i Statens pensjonskasse (SPK) og tidlegare journalist. SPK må formidle eit komplisert regelverk til mange ulike mottakargrupper, og SPK har erfart at det ein skriv, ikkje alltid er det same som det mottakaren les. Hauff vil snakke om mottakarretta språk, og skal lære oss å spisse ein bodskap.
Agnar Kaarbø er talekoordinator i Kommunal- og regionaldepartementet, med fortid som klarspråkforkjempar og kommunikasjonsdirektør i UDI. Kaarbø fortel om ulike skrivestilar i eit departement og korleis haldningar påverkar språkføringa til byråkratar.
Språktenesta for statsorgan i Språkrådet har språket i det offentlege som arbeidsfelt. Kvarenes og Senje tek føre seg det språklege resultatet av dei haldningane vi møter. Dei vil presentere døme på tekstar frå det offentlege og vise korleis vi kan pakke ut ein godt emballert bodskap. Vi ser oss ofte blinde på våre eigne tekstar. Korleis finn vi ut kva som er uforståeleg for mottakaren? Kva verktøy og teknikkar finst for oss som vil skrive meir forståeleg?