Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kva kostar det?

Bruken av ID-porten vil vere kostnadsfri i 2011 for dei aller fleste verksemder. Berre tenesteeigarar med eit forventa tal transaksjonar (påloggingar) over 500.000 i 2011, må vere med å dekka Difi sine utgifter til bruk av elektronisk ID frå dei private marknadsaktørane Buypass og Commfides.

Kommunesektoren sin bruk er sentralt finansiert for heile 2011, og bruk av ID-porten er  kostnadsfri for denne sektoren.

Tilleggstenester

Det er muleg å bestille tilleggstenester i ID-porten. Som for eksempel utvida driftsberedskap, utvida brukarstøtte, opplæring av eiga brukarstøtte, integrasjon for direkte signering, konsulentbistand frå e-ID-leverandørane. Det er fastsett eigne prisar for slike tilleggstenester.

 

Ta kontakt med Difi på e-post idporten@difi.no dersom du har spørsmål angåande kostnader ved bruk av ID-porten.

(03.02.2012)
Share Del med andre