Kva verksemder kan nytte ID-porten?
Det er Difi som ut i frå retningslinjene avgjer om ei verksemd kan knyte seg til ID-porten. Dette skjer på grunnlag av Samarbeidsavtalen. Ei verksemd som har signert denne avtalen blir omtala som tenesteeigar.
Desse verksemdene kan knyte seg til ID-porten
- Tilsyn, ombod eller direktorat.
- Fylkeskommune, kommune, eller kommunale etatar
- Offentleg eigde selskap som kun leverer teneste til det offentlege
- Offentlege verksemder og andre verksemder som utfører oppgåver på vegne av, og som delvis eller heilt er finansiert av det offentlege.
Kva verksemder nyttar ID-porten i dag?
ID-porten kan nyttast til både arbeidsrelaterte og private føremål.
Ved spørsmål om å knyte seg til ID-porten, ta kontakt med oss på e-post; idporten@difi.no
(27.03.2012)