Sikkerheit og funksjonalitet
ID-porten er ein felles infrastruktur for å logge inn til offentlege tenester. Det er ei vidareføring av den offentlege løysinga for å logge inn MinID. Med ID-porten er det lagt til rette for at innbyggarane sjølve kan velje kva elektroniske ID dei sjølve ønskjer å nytte. Det er muleg å logge inn med elektronisk ID frå MinID, Buypass og Commfides.
I ID-porten gir MinID tilgang til tenester opptil mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3). Buypass og Commfides gir tilgang til tenester og til og med høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4).

Sikkerheit
I ID porten er det to leverandørar av e-ID som kan nyttast til tenester som krev høgste sikkerheitsnivå (nivå4), Buypass ID og Commfides e-ID. Det vil sei at det er muleg for di verksemd å tilby tenester som inneheld meir sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar. Dette kan og vere tenester som det er meir kritisk at uvedkomande ikkje får tilgang til.
Mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3): MinID. Ein faktor som inneheld ei løysing på to faktorar: noko som brukaren veit: fødselsnummer og eit sjølvvalt passord- samt noko brukaren har: ein kode på SMS eller pin kodebrevet.
Høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4): Buypass og Commfides. Begge leverar e-id på høgaste sikkerheitsnivå. Dette er og ein tofaktor løysing der du veit din eigen pin-kode og har eit smartkort (Buypass) eller ein USB pinne (Commfides)
Elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå blir berre levert ut ved personlig oppmøte der ein må vise legitimasjon.
Teknisk arkitektur
ID-porten sine autentiseringsløysingar nyttar OpenSSO/OpenAM som fødereringsplatform.
Dei ulike eID-ane (MinID, Buypass, og Commfides e-ID) er integrert mot OpenSSO ved hjelp av standard API er. Difi har ansvar for integrasjonsløysningane mot e-ID leverandørar som tilbyr proprietære integrasjon APIer.
Vår referanseimplementasjon for tenesteeigare baserast på OpenSAML. Fødereringen av ei tenesteeigarane sine tenester inn mot ID-porten, baserar seg på SAML2 OASIS-standarden. Difi si iverksetjing er eit subset av e-government SAML2-profilen som Danmark har vært med på å utvikla og som blir nytta i nemID. SAML2 nyttar både single sign-on (SSO) og single logout (SLO). Single sign-on vil bli nytt der det er sikkerheitsmessig akseptabelt.
Bilde: Teknisk arkitektur for ID-porten 2.0
