Utredning om samordning av statlige innkjøp
Bør staten samordne innkjøp og korleis bør det eventuelt skje? På oppdrag frå Difi har Oslo Economics, i samarbeid med Firstventura og Oeconomica, undersøkt fordelar og ulemper ved samordning av statlige innkjøp.
Statens samla innkjøp utgjorde ca 171 milliardar kroner i 2009. Innkjøpa er så store at dei utgjør ein betydelig del av norsk økonomi. Korleis anskaffingane blir gjort kan derfor bety mye både for staten sine kostnader og for marknadene innkjøpa blir gjort i.
Anskaffingane skjer i dag både direkte frå kvar enkelt offentlig aktør, og gjennom etablerte innkjøpsnettverk på særskilte områder. Rapporten inneheld blant anna ei vurdering av erfaringar med samordning av anskaffingar i Norge og i andre nordiske land.
Konklusjon
Utredninga konkluderer med at samordning av statlige innkjøp både kan gi fordelar og ulemper, og at kvar type anskaffing bør bli vurdert for å fastslå om samordning av innkjøp er fornuftig og korleis eventuell samordning bør skje.
Om det ein skal kjøpe inn i stor grad er standardisert med lite behov for individuell tilpassing, er enkelt å kontraktsfeste og ikkje har staten som dominerande kjøpar, er det sannsynlig at samordning først og fremst har positiv effekt.
Om produktet ein skal kjøpe inn derimot enten ikkje er standardisert, krev stor grad av individuell tilpassing, er vanskelig å kontraktsfeste eller har staten som dominerande kjøpar, er det fare for at samordning også har negativ effekt. I slike tilfelle bør samordning skje med varsemd.
Se også Fornyings-, administrasjons- og kyrjedepartementets informasjon om rapporten.