Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kvalitetsvurdering av offentlege nettstader - Difi-notat 2011:3

Difi og Noreg.no har sidan 2004 gjennomført årlege kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader. Omlag 700 statlege og kommunale nettstader vert vurdert ut frå krav til tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.

I 2011 er 674 offentlege nettstader vurdert etter eit indikatorsett med 33 indikatorar. Antalet fordeler seg på 226 statlege og 448 kommunale og fylkeskommunale nettstader. Arbeidet vart gjort manuelt i perioden 05.09 til 01.11, med ekspertvurderingar frå Aletheia kommunikasjon og Difi. Etter gjennomgangen fekk kvar einskild nettstad moglegheit til å kommentera den mellombelse vurderinga. Dette fungerte som ei ekstra kvalitetssikring.

Resultatet av kvalitetsvurderinga vert offentleggjort på konferansen Kvalitet på nett. Alle resultat vert også presentert på nettstaden http://kvalitet.difi.no, der kvar einskild nettstad får tildelt stjerner etter totalt oppnådd poengsum på områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.

(01.12.2011)
Share Del med andre