Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kvalitet på nett

Difi arbeider for å auke kvaliteten på kommunale og statlege nettstader. Ein sentral del av dette arbeidet er den årlege kvalitetsvurderinga av om lag 700 statlege og kommunale nettstader.

Formålet med vurderinga frå Difi er:

  • å sette fokus på innsatsområde innan forvaltninga med utgangspunkt i sentrale styringsdokument, som til dømes Stortingsmelding 17: " Eit informasjonssamfunn for alle"
  • å måle status for offentlege nettstader

Du finn informasjon om revidert kriteriesett, kvalitesvuderinga og kvalitetskonferansen for 2011 på kvalitet.difi.no

(30.09.2011)
Share Del med andre
logosamling
(07.09.2011)

Politiske parti ikkje gode nok på nett

- Dei politiske partia rettar seg framleis ikkje etter offentlege anbefalingar for tilgjengelegheit på nett. Dermed kan personar med nedsett funksjonsevne verte ekskluderte frå viktig informasjon nå før valet, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Skjermdump - kvalitet på nett
(09.08.2011)

Kvalitetsvurdering av nær 700 offentlege nettstader

Kriteriesettet som vil ligge til grunn for vurderinga av nær 700 offentlege nettstader i 2011, er no klart. Det inneheld totalt 33 kriterium på områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald. Gjennomgangen av nettstadene startar i august.