Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lenker


Kontakt


Los - emneord

Los er ei felles emneordliste for offentleg sektor for å beskrive offentlege tenester og å knyte informasjonsressursar til emneorda. Terminologien i Los har brukarorientert vokabular, felles og gjenkjenneleg presentasjon på ulike portalar og felles standard for utveksling av informasjon.

Los er særleg møtt med interesse av kommunane og mange har alt teke det i bruk i portalløysingane sine. Kommunane har eit breitt spekter av tenester og har også eit stort behov for å vise til annan offentleg informasjon innan eit område, til dømes barnehagar - tilbod og rettar.

Kven er Los for?

  • Los har nytteverdi for innbyggjarar som treng å finne fram til offentlige tenester uavhengig av dei ulike forvaltningsnivåa og kjennskapen til offentleg sektor si organisering. Los er eit brukarorientert vokabular - ikkje avsendarorientert.
  • Nytteverdien av Los er openberr for kommunane som kan bruke Los som standard for presentasjon av eigne tenester og til å integrere relevant statleg informasjon.
  • Nytteverdien for statlege etatar er ein standardisert utvekslingskanal både til andre statlege etatar og til kommunesektoren.

Dei statlege og kommunale etatane treng ikkje utarbeide ein eigen temastruktur frå botnen av, men kan ta utgangspunkt i Los og byggje vidare på dette. Slik får offentleg sektor også ein felles kjerneterminologi. Det vert også lettare å gjenbruke og dele data med andre offentlege etatar som brukar Los.

(30.09.2011)
Share Del med andre