Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Minside/Miside

Miside er eit personleg tilpassa offentleg servicekontor på Internett. Det er ein felles inngang til elektroniske tenester frå etatar og kommunar. Difi har ansvaret for portalen.

På Miside kan du mellom anna:

  • skifte fastlege
  • sende flyttemelding
  • få oversikt over den forventa alderspensjonen din frå Nav
  • søkje om barnehageplass i kommunen (dersom din kommune tilbyr det)
  • sjå kva opplysningar du er registrert med i ulike offentlege register

Du loggar deg inn på Miside ved hjelp av innloggingsløysinga MinID/ID-porten. Det er den etaten eller kommunen som leverer tenesta som har ansvaret for den. Miside lagrar berre eit minimum av opplysningar som er naudsynt for at innbyggjaren skal ha si eiga personlege side. Når du er innlogga på Miside, kan du gå vidare til andre offentlege nett-tenester utan ny innlogging.

Miside tilbyr innbyggjarane

  • ein stad for samhandling med det offentlege
  • innsyn i personleg informasjon frå offentlege register
  • høve til å sende inn søknadar, registreringar og førespurnader
  • sikker dialog mellom det offentlege og innbyggjaren
  • forenkla prosessar som involverer fleire offentlege etatar eller kommunar

Miside tilbyr kommunar og etatar

  • eit felles verktøy for presentasjon av tenester
  • ein ekstra kanal for å tilby tenester
  • høve til ein heilskapleg saksbehandlingsprosess
  • sikker autentisering utan kostnadar
(13.10.2011)
Share Del med andre
(27.01.2012)

Difi legger om satsingen på innbyggerrettede tjenester

– Digitaliseringen av offentlige tjenester, og det at vi i dag bruker nettet på andre måter enn for få år siden, gjør at vi nå legger om satsingen på innbyggerrettede tjenester, sier Difi-sjef Hans Christian Holte.