Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Crtl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Universell utforming

Universell utforming av IKT handlar om å utforme IKT-løysingar slik at dei kan brukast av alle, uavhengig av funksjonsnivå. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) legg opp til at krav om universell utforming vert lovpålagt frå 2013.

I første omgang gjeld forskrifta nettløysingar og automatar. Døme på løysingar som er omfatta av krava, er billettautomatar, minibankar, nettsider for internetthandel, nettsider som gir informasjon til ålmenta og liknande. Slike løysingar har svært mange brukarar og tilgjenge er såleis avgjerande for likeverdig samfunnsdeltaking.

Sosiale media som bloggar, Facebook og Twitter som vert brukte i privat samanheng, vert ikkje omfatta av forskrifta.

Ansvar for å etterleve krava

Krava rettar seg mot private verksemder, lag og organisasjonar og offentlege etatar som vender seg til ålmenta ved hjelp av nettløysingar og automatar.  Det er verksemda eller organisasjonen som brukar IKT-løysingar som hovudløysing mot publikum, som er ansvarleg for at krava til universell utforming er oppfylte. Dette gjeld sjølv om løysingane er eigde av andre.

Innhaldet i krava vert ikkje endeleg klarlagt før forskrifta er vedteken. Oppdatert informasjon om arbeidet vert lagt ut på universellutforming.difi.no

Tidsfristar

Forskrifta skal leggjast ut på offentleg høyring før iverksetjing. Departementet tek sikte på iverksetjing i 2012. I følgje diskriminerings- og tilgjengelegheitslova skal nye IKT-løysingar vere universelt utforma eit år etter at forskrifta er på plass. Dette inneber at nye IKT-løysingar skal vere universelt utforma i 2013. Eksakte fristar vert klarlagde når forskrifta vert vedteken. Eksisterande løysingar skal vere universelt utforma frå 2021.

Tilsynsmyndigheit

Difi skal føre tilsyn med at krava vert etterlevde. Informasjon og rettleiing vil vere blant tilsynet sine viktigaste oppgåver. Førespurnader i samband med forskrift og tilsynsetablering kan rettast til uu@difi.no.

(13.01.2012)
Share Del med andre